Vetlejord

Dette står det om Vetlejord i Modalsboka, band I:

Fyrste gongen me finn garden nemnd, er i Lensregnsk. 1603/04. Der heiter det: «Lidtleiord ligger øde». Seinare finn me namneformene Lillejord 1610/11. Lille Jord 1616 og 1723, Lillejorden i 1723 og stundom i dei eldste kyrkjebøkene. Vanlegaste formi er Lillejord heile tidi fram til 1900. Då tok talemålsforma til å koma inn i skrift òg. I bygdemålet er den bundne formi mest vanleg: Vetlejoræ. på Vetlejor’ne. Det er segn om eit eldre namn på garden fyre svartedauden, og i ei gardaregla er han kalla Svatun og i ei onnor Skjolborg. Det finst ikkje noko prov for dette, og det er vel helst «dikting» frå seinare tid. Johan Litle-skare, som både granska dei skriftlege kjeldone og såg på tilhøvi her og spurde ut om stadnamni, trudde helst at det gamle namnet hadde enda på land. Det høver godt med lendet, og enno heiter dei ytste teigane på bøen Landsenden og Landsendbrekko.
Vetlejord er næraste grannegarden til Høvik og ligg 1,5 km lenger oppe i dalen. Ein ås sting fram i dalen og stengjer, so du kan ikkje sjå frå gard til gard, men fylgjer du vegen oppetter og kjem i Fossleitet, ser du heile Vetlejordi framfor deg, fyrst eit lite hall opp frå elvi, so flatlende med nokre små haugar, til du kjem bort under lidi der bøen sluttar. Ovanfor bøen er det fyrst sva og hamrar: Kjeberget og Kjebergssvaena, Skorvestølen og Storatræet. Sidan er det skogkledde lier oppetter og innetter mot Nesmarkene. Der ris Joskarnovi høgast opp, med Skredfjellet og Skredberget innanfor der att. På sørsida av elvi ser du i Høvikmarki Storseilsvåi, og i Vetlejord-marki Middagssvåi, Mjølkesvåi, Svåi, Tjødnaberget, og so Orraspelrustna til merkes med Nese. Det er noko meir botnar her enn på nordsida, og bra med skog er her òg. Herifrå hev du yversyn yver det meste av legemålet som høyrer Vetlejord til, og du vil lett skyna at garden kan heita Vetlejord, for det er ikkje so stort område. Eit namn som Svatun ville òg høva godt, for nakne svaberg er det på båe sidor, på heimesida heilt inntil bøen, og på bortanforsida lenger undan.
Mot sør og vest hev Vetlejord grensa mot Høvik. Merkelina går yver elvi nett ovanfor Gunnhildafossen, fyrst rett opp lii på sørsida, sidan noko meir krokut etter lendet, og endar i fjellkanten ved Gavleberget, der både Vetlejord og Høvik får grensa mot Nese. På nordsida av elvi går grensa mot nordvest opp i åskanten, fylgjer so kanten av Åsen mot nord, sidan i same leid opp Svegili, so meir mot vest att til Nipestølnovi, og sidan mot nord yver Halsen til Joskarfjellet, der både Høvik og Vetlejord får grensa mot Almelid i Modalen. Herfrå går merket mot Almelid nordetter til Joskaret. Derfrå får Vetlejord grensa mot Nese, og merket fylgjer Joskarbekken ned lii til Jubotnen, går yver elvi ved Jubotsfossen og so i søraust til kanten yver Merkeshjellen, går so meir sørleg mot Orraspelrustna og til høgste Almkrårusti, sa mot nordaust til Vetlehaugen, mot sør til Daurmålshaugen, og sidan på lag same leid mot Gavleberget der grensa mot Høvik tek til. Vetlejord hev ingi fjellvidd. berre linene på båe sidor av dalen og opp i fjellkanten. Det einaste er Joskarfjellet på grensa mot Almelid, men det er ingi vidd, berre ein rygg å kalla. Du kan gå etter høgdi og sjå ned i båe dalane, både Modalen og Eksingedalen.
Den dyrka jordi på garden var fyrst næraste området kring husi. Gjenom bøen renn Bøbekken frå nord mot sør og skil millom to slag jord. Det er morene med stein, grus og aur ned mot elvi, og på andre sida mest myrlende til bort under lii, berre eit par stader noko turrare lende med moldjord og raudmilda. På moreneflata ligg alle husi, enno nokso nær saman. Her var åkerjordi frå gamalt. Ovanfor elvebakken låg Landsenden, Ækra, Åråkeren og Strengen. Noko lenger innpå flaten låg Storåkeren og Idnåkeren. Bortanfor bekken var Åkerstykket, Flåti med Reset, og so Midtstykket og Nordastykket. Dei fyrste, som låg på morenen, var dei største og truleg dei eldste åkrane, og dei gav kornavlingi på garden i mannsalder etter mannsalder. So langt attende som folk veit om, hadde dei vore i åker, og var so heilt fram mot 1920-åri. Då vart dei etter kvart attlagde, og gamal bø vart teken opp til åker i staden.
Noko fyre 1900 tok båe gardamennene til å leggja ny bø til bruki sine. Det største tillegget fekk innmarki då Nyeteigen vart teken inn frå beistehagen.
Der fekk båe bruki kvar sine to teigar med noko bra dyrkingsjord, om det enn var mykje skrotmark og grunnlende med. Monsane fekk vel ei tid halvparten av engi si der. Etter utskiftingi 1968 er heile innmarki skift i to med ei einaste grenselina, so kvart bruk hev sin lut i samanheng so best som råd er. Men endå er Vetlejord ingen lettbrukt gard. for bøteigane er spreidde yver eit stort område.
Fram til 1920-åri gav nok markaslåtten likso mykje fòr som engslåtten. Var veret lagleg, kunne dei få engi i hus på tri vekor, men markaslåtten varde heile sumaren, gjerne fram mot mikjelsmess. Utslåttor var det frå elvi og heilt opp i fjellkanten på båe sidor av dalen. Kring 1900 hadde Rasmus-bruket 14 markaløor. På heimesida hadde dei Jubotnen, Træet, Midtløa, Grønabrekko, Storasvåi, Rustna, heimste og inste Nyeteigen. Bortanfor elvi hadde dei Fetløa, Vetleløa, Søre Jubotnen, lnsteløa, Svåi og Tødna. Monsabruket hadde 10 markaløor. Det var Jubotnen, Træet, Kulten, Joskaret, Rustna og inste Nyeteigen hitanfor elvi. Bortanfor elvi var det Nerebortanfor, Giljane, Svåi og Vetlebotnen. Størst var Træsloone. Den på Monsabruket hadde 33 hesjar, og dei skulle fyllast 3 gonger om sumaren, og attåt var det slege «flatteigar», so når løa og skotet var stappa, var det minst 120 byrdar høy. Omfram løone hadde dei so stakkstøe, so sume år kunne det vera 4-5 stakkar på garden. Attåt denne markaslåtten kom so haust-teigane, tynkeslåtten utanom bøen. Graset frå desse teigane bar dei oftast heim og hesja det i bøhesjene.
Landkommisjonen 1661 segjer om Vetlejord: «Ingen Lunder till uden noget Solverks Tømmer langt fra Sjøen». I matrikkelen 1723 heiter det:
»Ingen Husmandsplads. Ingen Seter. Litt furu og Brendeved Skog. 1 Flomsag. Gandske aarvant til Korn og meget besværligt at samle sit Høe. Lever bare af Kvegavling». Etter utskiftingi er heile utmarki, med skog og slåtte- og beitemark, skift soleis at kvart bruk hev ein teig bortanfor elvi, og heimanfor hev Rasmusbruket sitt i ein teig og Monsabruket sitt i to. Fyrr var skogen skift i mange telgar, og då var ein liten fureteig nærast bøen «hopaskog», som vart nytta når det galdt sams tiltak, slikt som grindar i sams gjerde, vedlikehald av kvernbruket og meir slikt. Eit tilhøve som fortel noko om husdyrstellet frå gamalt, er at Rasmusbruket åtte raunen på eit stykke inne i ein skogteig på hitt bruket. Skavskogen var verdfull den tid. På lag alle markaløor var timbra, og alle hus hadde nevertak, so det trongst skog til å halda dei vedlike, Losting var ei årleg onn fyre slåtten, og kvart år vart det selt noko bork, og stundom nokre kippor never.
Når det i matrikkelen 1723 er sagt at garden hadde «flomsag», må det visst vera feilskriving for «flomkvern». Det er ikkje segn om at det fanst sag som gjekk med vatn korkje her eller andre stader i bygdi på den tid. Men kvern hadde dei nok her som på andre gardar. Me veit om tri kvernstøe på Vetlejord. Eitt var i Kalvadalen, eit stykke nord for bøgarden. Der er ingen stor bekk, og lite fall er der òg, men det var laga ei veit eit stykke innetter lidi for å leida meir vatn til. Likevel måtte det nok vera bra flaum om kverni skulle sviva der. Mur-restar etter kvernhuset hev synt fram til våre dagar, men me veit ikkje no kva tid det var oppsett. So var det kvernstøe bortanfor elvi, under Kleivi, der bekken fra Mylletjørni lagar ein foss. Her var bra fall, og ved utlaupet fra tjørni hadde dei demma, so her fekk dei kvernavatn om det ikkje var flaum. Der hadde dei slipestein og, og han var i bruk til kring 1900. Sist i fyrre hundreåret sette dei opp kvern i Stavleifossen i Storelvi, og der var både vatn og fall nok. Noko seinare skaut dei djupare ned i inntaket til glipen, so det vart vatn nok jamvel når elvi var på det minste. Her sette dei og opp slipestein. Straks fyrr fyrste heimskrigen kjøpte dei ny kvern, bygde nytt hus, la nytt slok, hadde smed til å laga kvernkall av stål og heisegreidor til å lyfta kvernsteinen med, so det aldri hadde vore likare kvern i dalen. Huset var av finaste timber, med høvla vegger og golv, og med stort vindauga, so det var ei fin liti stova. I fyrste krigsåri mol både vetlejordane og hevikane kornet sitt der. Då krigen var slutt og det vart nogdi mjøl å få, vart det etter kvart slutt både med korndyrking og kvernbruk. I siste heimskrigen hende det vel at kverni knurra og gjekk ei og onnor natti, men sidan hev ho visst ikkje svive.
I krigsåri etter 1940 gjekk Vetlejord og Høvik saman om å byggja elektrisitetsverk i Stavleifossen. Det var ferdigt i 1946 og gav på lag 25 kw, se båe gardane hadde straum nok til ljos og koking. Det var i bruk til 1974, då B.K.K, hadde bygt ut leidingsnettet so gardane fekk straum derifrå.
I matrikkelen 1723 heiter det at garden «har ingen seter». Vetlejordstølen må difor vera bygd seinare, men me veit ikkje nøgnare kvar tid. Stolen ligg oppe i lii nord for garden, ein halv times gonga heimanfrå. Bruki hev kvar sitt sel med stova, mjølkerom og ein liten gang. Men husi ligg i heimehagen. Stølsgarden går litt lenger oppe, so når kyrne var i stølshagen, kom dei aldri ned til stølen. Stølshagen er både bratt og trong, og beitet er nok heller ikkje av dei beste. Fyre hundreårsskiftet hadde dei kyrne på Joskarfjellet i 14 dagar høgste sumaren, og då var det stridt å vera budeia. Fyrst var det ein dryg times veg i bratt lende frå stølen og opp, og so nedsatt med fullt kvartelsbytte og stundom meir. Når dei mjølka inst på fjellet, gjekk dei helst nedatt Joskargili, og dei fekk ikkje vera knemøyre som skulle gjera den turen to gonger dagleg med tung byrda. – Vanleg beiteruta var den tid: Løysingatid 3 vekor fyre jonsok. Fyrst beita dei 2 vekor i heimehagen, so 2 vekor bortanfor elvi, der det og var hamnehage, so åtte vekor på stølen, av dei 2 vekor på Joskarfjellet, so 2 vekor bortanfor att, og til slutt i heimehagen til kyrne måtte setjast inn mikjelsmess-tider. I januar 1928, det store ræseåret, ræste ein liten bekk attmed stølen og braut ned selet på Monsabruket og sopa det med seg, noko heilt ned i elvi. Rasmus-selet vart flytta litt, men ikkje sundbrote. Det vart nedrive og oppattsett våren etter, øg båe bruki nytta det til Monsane bygde nytt sel eit par år etter. Det gjekk ikkje so mange år etter dette fyrr det vart slutt på stølsdrifti, og husi vart ståande tome. Seinare hev Rasmus-bruket hatt kyrne sine skiftesvie i heimehagen og i markaslåttone bortanfor elvi. Monsa-bruket hev hatt mjølkekyrne på kulturbeite i inste Nyeteigen og Nere-bortanfor.
Same natti som stølshusi vart øydelagde, tok ræsingane to markaløor på Monsa-bruket. Det var Træsløa og Giljaløa. Båe vart sette oppatt, men no av standarverk og bordkledning.
Om heimehusi på garden får me vita noko i «Tingsvidne 20/4 – 1729 angående ildebrand på gården Lillejord i Hosanger skibrede. Brugerne er Lars Toriesen og Ole Iversen. 20. juni brændte alt ned undtagen «Flor», lade og et lide fårehus samt alle deres eiendele. Det som brændte op var 2 timmer boestuer, 2 timmer bisir, 2 timmer ildhus, et lidet timmerildhus med shyche, en timmer smale «Flor» samt tømmer «kleffe» til «bure». De to mænd med kone og born er i stor armod. De betinger skattefrihed for 2 år».
Etter dette må dei to bruki alt då ha hatt kvar sine bunadshus og uthus. Me veit ikkje heilt nøgje kvar husi stod, men bunadshusi på Monsabruket skulde stå litt lenger nord enn dei som vart rivne i 1974. Der var ein vinkel på merkelina, og det skulde vera for at merket ikkje kunde gå gjenom huset. Floren stod nedanfor hovudvegen som no er, der som det gamle merket vende av frå søraust til sørvest. Husi vart visst då sette oppatt på same tuftene.
I 1846 brann bunadshusi på Monsa-bruket på nytt. Det var om sumaren då òg, og husbønden, Olav Monsson, var nygift for andre gongen. Nyekona, Brita Knutsdtr. Høvik, var flytta heim om våren. Det var ein preikesundag det brann, og ho var åleine i huset. Alle hine var til Mo-kyrkja. Dei som var heime på hitt bruket, var so opptekne med å berga ut or sine hus, for dei ottast elden skulde slå yver dit, og dermed måtte Brita greida seg åleine. I bunadshuset var det lite ho vann berga, men i floren stod kalvane inne enno, og dei greidde ho å berga ut. Same våren hadde det gjenge ei skreda og øydelagt det meste av Jubots-slåtta på dette bruket. Då kyrkjefolket kom heimatt og fekk sjå kva som hadde hendt. trøysta han Gamle-Mons den nye sonekona si soleis: «Ulukko, da ska «kje sta korkje hus elle jord sia du kom på garen!» Nye bunadshus vart sette opp same sumaren, og dei stod til 1974. På andre bruket og brann bunadshuset straks etter nyekona der, Synneva Rasmusdotter, kom til gards i 1861. Då g vart dei andre husi berga, og nye stovehus bygde oppatt med det same. Desse husi er framleis i bruk der. Etter denne hendingi går eit herme etter gardakonone på Nese: «Da æ nokke te kjerringa dei få seg, vetlejordane, dei brenna opp husæ so dei sku få seg nye».
Ved hundreårsskiftet hadde bruk 1 desse husi: bunadshus, ei lang lån med stor stova i nordre enden, stor gang gjenom heile husbreiddi i midten, med hellelagt golv, opi gruva og skorstein mura av gråstein, vetlestova i sørenden, lemstropp opp frå gangen til «døralemmen», der kornkista, mjølkista og brødskåp stod, og under sperrone var kjøtrotet. På vetlestovelemmen var kledekistor og stenger under sperrone til å hengja klede på. Lemmen yver storestova var soverom, men sjølvefolket hadde sengi si i storestova, som skikken var alle stader. Under vetlestova var potetkjellar med nedgang gjenom ei luka under lemstroppi. I sørenden av huset var ei halvtekkja til vedaskytja. So var det serskilt kårhus med stova i nordre enden, atti der ein liten gang med gruva og skorstein og inngang frå sida, og atti der ei skytja av standarverk og bordkledning. Frå gangen var tropp opp til «døralemmen» og derifrå inngang til stovelemmen og til vetlelemmen yver skytja.
Uthusbygnaden var ei svært lang lån, oppmurd av gråstein. På søraustre sida var fyllt grus og jord innåt muren. I sørvestre enden var smalhus med inngang gjenom eit «skot» som var nytta til vedaskytja. I smalhusdøri var ei liti glasruta, og meir ljosopning fanst ikkje til det romet. Atti smalhuset kom florsskotet, som gjekk tvers gjenom heile bygningen, og so kom floren. Han var låg og myrk, med 2 små glas i søraustsida. Atti floren kom so skuret eller mykaromet på lag i same høgd som florsgolvet, so myki måtte dei kasta ut gjenom ei døropning frå floren. I nordaustenden av denne lange låni var so bygt ei halvtekkja som dei kalla svoli, med rom til gardsreidskapar og anna. Yver skuret, floren og smalhuset var rom til høy og korn, og so låve. Inngangen til floren var på nordvestsida, og attmed der var ei tropp opp til løedøri. På andre sida av inngangen var hestestall med skråtak, og skukk under taket med rom for hesjastaur og slikt. På søraustre sida var og mura opp tropp med inngang til låven. Både låvedør og løedør var delte i to høgder. I 1929 bygde dei nye florshus på andre sida av vegen, og då vart heile denne gamle bygningen riven.
So var det smia. Ho står eit stykke nord for stovehusi, på eit skarv som heiter Geitaskarvet. Ho er mura av gråstein og stor å sjå til, men murane er tjukke, sa arbeidsromet er ikkje serleg stort.
På bruk 2 var hovudbygningen svært lik den på hitt bruket. Det var storestova og vetlestova med stor gang imillom og lemmar yver. Kring 1900 reiv dei ned skorsteinen i den store gangen, sette opp skiljevegg og tok halve gangen til kjøken. Der mura dei loddpipa av murstein og sette inn komfyr. Her og var serskilt kårhus bygt i 1871. I sørenden var stova med lem, og so ein ørliten gang med tropp opp til ein «døralem», og derifrå dør inn til stovelemmen. Innanfor gangen var eit lite kammers med plass for mjølk og slikt som høyrde mjølkestellet til. Vegg i vegg med gangen og kammerset kom so eit rom av standarverk med bordkledning. Her var hellegolv og stor gruva med skorstein, og dette romet gjorde teneste som eldhus. Her hadde dei vassheting, vaska kjørli, baka flatbrød, røykte kjøtet i skorsteinen, og i gruva turka dei kornet i ei diger turkegryta når dei skulde mala. Atti dette romet var bygt ei timbra bu som var nytta til verkstad. Her var høvlebenk og snikkarverkty. På «døralemmen» yver vaskeromet var kornkistor, mjølkistor og brødkistor, og på bualemmen var kledekistor. Atti bui kom ei stor vedaskytja, og under bui var kjellar som var nytta til smia. Alle desse romi vart ei lang lån under eitt tak, men det var berre sørenden med stova, gang og kammers som høyrde kårfolket til.
Litt nord for denne bygningen stod florshusi. Her var timbra flor i sørenden og «skur» under floren. Atti floren kom løa med høystad og med dør inn til floren. På dette bruket var ei løa til, Vetlaløo. Ho stod på andre sida av vegen, tvert yver frå kårstova. Der var mura smalhus med jordfylling på lag i høgd med muren, og løa yver var bygd med standarverk og kledning. På sidone var det store steinhellor til kledning nedst nede, og so to-tre bord øvst. I denne løa hadde dei smalahøyet og øykjahøyet. Dessutan var her rom for neverlad og ymse reidskapar og emnevyrke. So hadde dette bruket hestestall i serskild bygning. Han var timbra og stod aust for hovudbygningen og på andre sida av vegen. Det var berre eitt rom med god plass for ein øyk. Både stallen og Vetlalødo vart rivne då dei bygde ny uthusbygning i 1911.