Simenes

Dette står det å lesa om Simenes i Vaksdal Bygdebok, Bind III:

Ligg på fastlandet på nordsida av fjorden om lag 1,6 km sørsøraust for Mellesdal, 1,5 km nordnordvest for Kalland. Eit stort nes med ein fjellrygg stikk her ut i fjorden. Tunet med innmarka ligg inst på neset på austsida. Her er ikkje veg til nokon av grannegardane, og ferdsla går over fjorden. Gardsnamnet vart skrive Simmonsnes 1610. Simmensnes 1620. Sæmundnæs 1664. Simensnes og Spaanewig 1667. Simenæs 1723. Simmenæs 1789. Simmenes 1886. Bygdemålsuttalen er si’mmenæs. Mannsnamnet i førelekken er truleg Sigmund. I mellomalderen var genitivforma S i m u n s, og namnet hadde i form falle saman med det framande mannsnamnet Simon.

Simenes grensar mot Mellesdal og Brørvik. Grensene vart skriftfeste ved utskiftningsforretning i 1833. Grensa mot Mellesdal: sjå under Mellesdal. Grensa mot Brørvik tek til på Salsfjellet og går austover over Vestedalen til x i ein stein øvst på Leina i fjellet. Vidare mot aust til x i berg på Leinhamaren. Derifrå i same retning over Sponvikskaret til ein merkestein som er sett opp mot ei myr. Frå denne merkesteinen går grensa sørsøraust til x i berg på Flatneshaugen, vidare mot søraust til Flatneset der det er x i ein bergnakke. Derifrå i same retning ned til sjøen der det er x i ein stein nedanfor Sponavik. I utskiftningsforretninga heiter det til slutt at på sume stader går Mellesdal- og Brørviks-buskapen sume tider «horn mot horn» med Simenesfeet. Der kan ikkje haldast gjerde, og kvar vert pålagd å føra buskapen til sin eigedom når dei skal mjølkast.

1723 heiter det om lægjet åt garden: «ligger ved Søen 4 1/2 Mil fra Bergen, nogenledis til Korn, men tungvunden til Høe». 1663: «Ved Søen og derfra 4 3/4 Miil til Bergen. Menis omtrent 5 Mdr.» Etter namneforma å døma skulk garden vera oppteken i mellomalderen. På 1500-talet låg garden øyde og hadde truleg lege øyde sidan svartedauden. Ved byrjinga av 1600-talet var der kome 1 brukar. Brukartalet har ikkje auka sidan, og garden «einstøkka», som dei seier i Stamnes. Men her har vore husmannsplass. 1701 var her eit husmannssete, men kvar det var er ikkje opplyst. 1667 er Sponavik nemnd i samband med gardsnamnet. Kanskje var det her husmannsplasset Sponavik ligg ved grensa mot Brørvik. 1723 var her ikkje husmannsplass. Det einaste minne dei no har på garden etter mogelege plass er teignamnet Taraldatuptæ. Kven denne Tarald var, har me ikkje opplysningar om. Taraldatuptæ er på innmarka oppom naustet i Vik, på austsida av sjøvegen.

Tunet ligg på austsida av neset. Det er ein sers lun stad. Ved eit skifte 1827 vart det halde skjøn på garden. Husa var då eit sætestove og to mindre stover, flor, løe, 2 naust, ei gamal sengjebu. Sume av husa var i god stand, andre ringare. Dei var alle bygde av vyrke frå skogen og vart verdsette for i alt 60 rdl. Det var ei enkje, Brita Johannesdtr., som skifte med dotra 1827. Enkja gifte seg att året etter med Askjel Knutsson Vik, kalla «Gamle-Askjel». Dei fekk kår frå 1843. Gamle-Askjel budde i ei stove som stod på ein haug nordaust for det noverande stovehuset på garden. Ein eldre brukar, Johannes Knutsson, hadde kår frå 1821. I skiftet etter han 1840 var der mykje lausøyre. Sjå nedanfor. Eit bord med stol og forsete stod i «den mindre stue», og eit anna bord med stol og forsete stod i «den større stue». Husa på garden er no: Stovehus bygt 1904, flor, løe, vedhus, 2 naust og notnaust.

Innmarka ligg mellom tunet og sjøen. I herredsbeskrivelsen 1863 heiter det at garden er lettbrukt, men noko skinlendt. Ein stor del av innmarksområdet er ikkje dyrkande, avdi det er for grunt. 1863 var her knapt 6 mål åker og dyrka eng. 4,8 mål var god åker, 1/3 mål middels god, og resten var ring. Bøen var på 20,3 mål. 10 mål var god bø, 1,5 mål middels god, og resten var ring. I eldre tid spadde dei åkrane med hakar av tre. Bladet på haken (spaden) hadde skoning av jarn. Garden var lenge utan hest. 1939 fekk dei hest, og hadde han ei tid. No har dei ikkje hest, men ein liten traktor. Jordvidda på innmarka er no om lag 25 mål. Jordsmonnet er leirjord og litt myr. Simenes er ein god korngard. I skuronna måtte dei gjerne ha ein del leigefolk. Det var helst plassfolk frå grannegardane.

«Ingen Lunder Vden Brendevedschoug,» skriv landkommisjonen 1661. 1723 er der fureskog til husbruk og til litt brenneved. 1863 var der skog nok til ved, hustømmer og til husbruk, og dei kunne selja ved og tømmer for 12 spd. årleg netto. Dei driv framleis fram ein del ved og tømmer til sal.

1723 er der ikkje sæter. I marka er der to stader som heiter Gamlasætret og Nyasætret, men dei veit ikkje av at der har vore hus på desse stadene. Der er fleire mjølkeplassar kring i marka der dei mjølka kyrne når dei var i beitet. Eitt mjølkeplass er på Furestølen og eitt på Klakken. Denne staden heiter så fordi der er ein stein ser ut som ein smørklakk. Mjølkeplassane var som oftast ved ein stor stein, som dei kunne setja frå seg mjølkekjerald og saltkjerald på. Ved Farstølen hadde dei ein flor der dei batt inn kyrne i ruskever. I seinare tid er der bygt ei hytte på mjølkeplassen der, og der har dei støla eitt år. 1863 heiter det om beitet: «Hjemmehavn af middels Beskaffenhed og tilstrækkelig. NB. Den er beliggende 1/8 Miil borte hvortil Creaturene maa overføres paa Baad.»

Når ein skulle føra krøter til utmarka eller til andre gardar, gjekk det for seg på denne måten: Ein la to færingsbåtar jamsides, la ein god staur tvert over båe båtane rett over baktofta og surra stauren godt nedom bakbekken i båe båtane med tog. Stauren måtte rekka tvert over båtane. Dei tok så eit tog mellom stamnane bak og framme i båtane. Tok så to mindre staurar i kvar båt og feste dei frå bakstamnen og fram på tverrstauren og surra fast. Mellom desse staurane i bakskuten stod kua. Ein førde ei ku i kvar båt og kanskje ein kalv i framskuten. Når ein førde hestar, kledde ein eit lag med god seig grastorv inni båten der hesten skulle stå.

Fisket til garden er ikkje nemnt i nokon av dei eldre kjeldene. I seinare tid har sjøfiske etter laks hatt ikkje så lite å seia. Det vart teke opp av Mons og Magne Kallestad under fyrste verdskrigen.

Ei flaumkvern er nemnd i eksaminasjonsprotokollen 1723. Det var truleg det kvernhuset som stod ved ein liten bekk på innmarka. Der var ikkje serleg mykje vatn, og Knut Haldorson som var brukar 1861-1880 leigde eit kvernstøe under Kallestad. Det var i Sedalselva ved Maskevikjæ. Grunnleiga var 25 øre året. Kvernhuset vart selt av den noverande brukaren til brukaren på Kallestad bnr. 2.