Opheim, bruk 25

Regnbogen over Opheim i august 2013

Opheim vart offisielt skild ut som eige bruk til Jakob Knutson Ekse frå bruk 1 og 2 i 1930. Men Jakob og kona Marta Askildsdotter Trettenes kom til Myster allereie i 1917 då syster til Marta, ho Karolina og mannen hennar tok att bruk 1 og 2 på odel. For å klara betala prisen på 11500 kr, avtala systrene å dela garden i to jamnstore deler. Alle budde dei i eine halvdelen av det gamle Nerehuset som var ledigt etter utskiftinga på garden i 1915. Jakob og familien budde i nordenden,- eller bua-enden av huset. Det seiest at Jakob arbeidde på trikken i Bergen før han gifta seg med Marta i 1917. Kanskje det var eit vanskeleg val å flytta frå Bergen til Myster? Marta venta etterkvart barn, og den vesle familien såg vel på eit gardsliv på Myster som det tryggaste livet å leva, -det var her på tunet bestemor til Marta og Karolina, ho Kari Olavsdotter Myster hadde vakse opp.

I folketeljinga av 1910 dreiv enkjemannen åt Kari, han Ola i Lyngen, med skreppehandel og gardsarbeid på bruket i sine eldre dagar. Same året er Karolina og Johannes også å finna i husa som tenestefolk. 3 år seinare var dei gifte og fekk si fyrste dotter. Meir om dei under bruk 1-2.

Kvifor det tok 12-13 år før Jakob fekk skøyte på sin del av bruket kan ein berre spekulera i. Livet på Myster vart nok ikkje så gjevt som det fyrst såg ut til å verta. Fyrste jenta, Signe kom ut for ei lei hending då ein gamal og ettvill kar som gjekk i legd der i tunet kom til å henga veslejenta opp i ei klessnor på loftet. Signe fekk varige men etter dette, stygt plaga av epilepsi som ein på den tida ikkje hadde noko medisin eller behandling mot. Då Signe var 2 år gamal kom broren Knut til verda og 4 år seinare, i 1924, vart Arnvid fødd. Så, 4 år gamal, skulle Arnvid verta storebror, men det gjekk ille og Marta og barnet døydde i barsel. Ho vart berre 36 år gamal. Dette vart for mykje for Jakob som etterkvart måtte ha hjelp. Blant anna vart han  Arnvid mykje passa på av syskenbornet sitt Klara som var gift på Eikemo.

Om Jakob vart innlagt fleire gonger og om dette varte i lang tid veit ein ikkje, men den 22/1 1940 vart i alle fall Einar L. Eide oppnemnt som verge for Jakob Knutson Ekse ei tid.

På slutten av 30-talet gjekk bygdafolket saman om å reisa hus til Jakob. Den gamle stova som sto att på Fritun i Munkabotten som Augustin  og Gjertrud Neset hadde kjøpt i 1937 vart plukka frå kvarandre og sett opp på dugnad i brekkekanten under Husfjellet. Han Torbjørn Brørvik fortalde at dei saga resten av tømmeret til kjøken og lem på saga i Brørvika. Den gamle stova som vart plukka ned frå Munkabotn hadde før den tid vore hus på plasset under Reinane der Reine-Johannes vaks opp. No vart livet til Jakob enklare. I kjellaren var det god plass til sauene, og ein gris. På lemmen var det to soverom og utanfor stova var det plass til ein liten kjøkenkrok. Hest og ku hadde ein eigen liten flor borte ved bekken og utedo hadde han i skykkja ute på tunet. Litt etter litt vart skrotamarka spadd om og bøane vaks seg stadig større. Kistegrøfter vart spadd og mura for å leia vatnet bort og Knut som skulle ta over garden planta eplehage på Floten. Signe døydde i 1946 og Jakob i 1967. Knut vart nok også prega av oppveksten og hadde sitt å stri med. Han fall død om på gata i Bergen ein vårdag i 1970.

Arnvid som vart gift med Anna Håriksdotter frå Flatekval kjøpte tomt på Stølen i 1957 og kalla hustufta Haugatun med fritt utsyn over bygda. I 1945 hadde han kjøpt tomt på Grastangen og sett opp Elvestrand Trevarefabrikk ved Sagelva saman med andre møbelsnikkarar i bygda. Meir om det under bruk 11. Han byrja seinare på Eidsfjord Møbelfabrikk og var disponent der i mange år. Då Knut døydde var det naturleg at Arnvid tok over gardsdrifta. Sauehaldet dreiv han fram til helsa skranta på slutten av 70-talet og sonen Asbjørn tok over. Det vesle huset etter Jakob vart bygd på i fleire vender. Det vart i denne perioden dyrka noko meir bø på Floten, betre maskineri vart kjøpt og skogsveg opp Langerinden vart bygd. Ein stor silo vart sett opp på enden av floren og eit stabbur sett opp der skykkja før sto. Asbjørn og familien flytta i nytt hus i Modalen i 1994 då eldstesonen Bjørn Arvid tok over garden.

Det vart opna opp for eit stort sandtak i byrjinga av 2000-talet lengst aust på garden, og det meste av Kuastadlane er sendt på båt ut av bygda. Elles er det mange merke etter mindre uttak av sand rundt på garden. Då vegen opp Gåtna vart ombygd henta dei sand og grus austom bekken frå Floten. I tilegg til sau har det vakse opp grisar, geiter, høner, end, gjess, kaninar, struts, rev, og Skotsk høglandsfe på garden. Dei siste dyreslaga då det var meininga at bror til Bjørn Arvid, Leif Tore skulle ta over garden i 2009.

No i 2017 er siloen riven og bakkane vert slegne av barnebarnet åt ho Karolina, ho Caroline..

Sjå meir om folka og slektstilhøve på Opheim her.