
Myster fotografert ein gong før 1911 av John Bernhard Rekstad. Det er no arkivert hjå Universitetsbiblioteket i Bergen.
Dette fortel Vaksdal Bygdebok Band III om Myster: «Ligg ved utlaupet av Eksingedalselva. Nede ved elva er der ei stor øyr, Mysterøyra. Frå denne øyra lyfter det seg opp fleire terrassar. Det gamle tunet ligg på ein slik terrasse, om lag 1 km aust for Eide, knapt 2 km sør for Eikefet. Mysterelva, som kjem frå Leirevatnet og Steinsedalen, renn gjennom søre luten av innmarksområdet og munnar ut i Storelva ved Mysterøyra. Garden er noko utsett for flaumskade, men det er lite nemnt i dei gamle dokumenta om dette. 1744 vart det halde avtaksforretning på garden, og skylda vart nedsett p.g.a. flaumskade.
Gardsnanmet vart skrive Mystir 1427, Mystri 1463 og 1490, af Mylstri 1490, Møgster 1563, 1610, 1667, 1723, Møster 1611, 1620. Bygdemålsuttalen er my’sster. Av dei som har gardsnamnet til familienamn, brukar sume forma Myster, andre Møster. I Norske Gaardnavne vert Mystr sett opp som den gamle namneforma, og namnet vert tolka på same måten som øynamnet Møkster i Austevoll: Mulig har Navnets opr. Form veret Myrstr, beslægtet med svenske Dialekters mor(d), smuldret Masse, Grus, oldnorsk morð. – Navnet kunde efter denne Forklaring have Hensyn til, at Jordbunden paa Øen er stærkt sandholdig.”
Magnus Olsen meiner såleis at gardsnamnet Myster, på same måten som øy- og gardsnamnet Møkster, har å gjera med jordsmonet på staden og at grunnlaget for gardsnamnet då er all sanden t.d. på Mysterøyra og i morenen gamletunet ligg på.
Lærar Johannes Leiro har sett fram ei onnor tolking. Over Mystermyrane legg det seg gjerne små tunne skoddedottar, og det la seg små vassdropar på hud og klede nr ein gjekk der. Damp som stig opp av tjørnar heiter m i s t år på islandsk og gamalnorsk, og Leiro meiner at ein her finn opphavet til gardsnamnet. Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1427, men garden er truleg mykje eldre. I slutten av 1800-talet vart det gjort eit oldfunn i ein åker dei kallar ”Rudkallen”. Denne åkeren ligg på ein liten haug nede på myrane. Alle dei 3 hovudbruka, Oppeluten, Borteluten og Nereluten, hadde teigar her. Nereluten åtte ein del av åkeren. Oppeluten åtte både noko av åkeren og bøen ikring. Funnet vart gjort om våren medan dei heldt på med spoda på Rudkallen. Einar Myster frå plasset Munkabotnen var i arbeid hjå Lars Myster på Nereluten. Einar fann da eit sverd, og han tok det med heim til Lars som var dugande smed. Men Lars brydde seg ikkje mykje om sverdet. Han kasta det bort i ei krå i smia, der det låg noko anna skrammel, og han ville ikkje høyra tale om at dei skulle grava noko meir i åkeren. Sidan har det ikkje vore røkt etter meir på Rudkallen, og funnet er heller ikkje meldt frå til Bergens Museum. Sverdet vart funne i søre, eller sørvestre luten av åkeren.
Fleire ting tyder på at Myster er ein av dei eldste gardane i denne delen av heradet. Det er for det fyrste lægjet åt garden, og for det andre storleiken.
Myster grensar til Eikefet, Leiro, Stamnes, Hesjedal og Eide. Mellom Myster og Eide er det Storelva som er grense. Grensa mot grannegardane vart oppmerkt og skriftfest i samband med ei minneleg utskiftingsforretning på Myster 1837. Mellom Eikefet og Myster tek grensa til med Storelva ved Eikefetberget, og går derifrå mot søraust til ein nedsett merkestein på eit berg kalla Floget. Vidare i same line til ein stad dei kalla Krakalisåta, og derfrå mot aust til Storefjellkantane der det er hogge X i eit berg på Storefjellsåta. Her sluttar grensa mot Eikefet og tek til mot Leiro. Grensa går no mot søraust til Storefjellrusta der det er hogge X i berget, og vidare mot aust til Høghaugen der det og er X i berget. Vidare etter den kvassaste bergrust mot sør til elva som kjem frå Leirovatnet, der det vart hogge X tett attmed kvernhuset. No fylgjer grensa elva og vatnet til Svemmeneset, og går derfrå over vatnet mot søraust til Storhaugen. Herfrå går grensa til ei grøft under Langstallen, og vidare mot søraust til to store steinar på Fjellbruna, som ein kan sjå frå vatnet. Sidan fylgjer grensa Fjellbruna mot nordnordaust til Fjellfossen. Derfrå til Fjellfossbotnen, der grensa mot Leiro sluttar. Herfrå går grensa mot søraust etter eit nake og aude hell dei kallar Blåfjellet til Krakestølvatnet, der grensa mot Stamnes tek til. Ho held fyrst fram i same retning til nordenden av Langetjørnane, derfrå til Stordalsegga og til Flatefossane, der grensa mot Stamnes sluttar, og grensa mot Hesjedal tek til (sjå Hesjedal). Frå endepunktet av grensa mot Hesjedal fylgjer grensa sjøkanten og Storelva mot nord til det fyrste punktet i Eikefetberget.
Det er ikkje noko som tyder på at Myster har vorte liggjande øyde etter Svartedauden. Ved slutten av 1500-talet var der 2 bruk på garden, og 1626 vert det opplyst at brukartalet var 3. Den fyrste oppgåva over storleiken på bruka er frå 1648. Me finn då 3 jamstore bruk, og dette tilhøvet held seg til slutten av 1800-talet, endå om sume av bruka, i kortare eller lengre tid, var drivne av 2 brukarar. Etter 1897 har det gått føre seg ei sterk oppdeling av garden. Det er fråskilt fleire mindre bruk og dessutan ei rekkje hustufter. Namnet på dei 3 hovudbruka er Oppeluten, Borteluten og Nereluten. Nereluten vert også kalla Rinden, etter at husa vart flytte i samband med utskifting. Den gamle tunstaden vert kalla ”heima på garden”. Eit av dei eldste husa er truleg Nerestova. Etter utskiftinga 1915, då. Nereluten flytte ut or tunet, overtok Oppeluten husa som høyrde til dette bruket. I den gamle Nerestova var der i midten ei bu av svært tjukt, rundt tømmer. I den eine enden av bua vart det bygt til stove og gang 1837, og i den andre enden er der ei stove som truleg er frå kring 1860. Heile bygningen var tekt med nevertak.
Det vart halde minnelege utskiftingar på garden 1837 og 1915. Den siste utskiftinga står ved lag enno. Det var Lars Eide, Hans Brørvik og Johannes Leiro som stod for utskiftinga, og delinga vart godkjend av eigarane og tinglesen. Kvart bruk fekk no nokre få teigar. Tidlegare hadde der vore nokså mykje teigblanding. Aust for tunet ligg lutåkrane eller Storåkrane. Der hadde kvar av dei 3 hovudbruka sin part. Andre åkernamn var Bastuåkeren, Ækro, Nyåkeren, Smedåkeren, Strengjen, Bassåkrane, Haugåkeren, Ospebakkåkrane, Rudkallen og Torhaugen.
1863 var åkervidda 31 2/5 mål i alt. 13 1/2 mål var god åker, 12 2/3 mål var middels god, resten av åkeren var ring. Bøen var på vel 168 mål. 23 mål var god bø, 26 1/2 mål var middels god, og resten var ring bø. Garden var lettdriven, men hadde heist noko tung veg frå slåttene. Dyrkingsjorda rekna kommisjonen i 1863 til 14-18 mål. Mysterøyra er rudd og dyrka i seinare tid. Anna Olsdtr. frå plasset Myræ f. 1842 fortalde at der var heilt skogvakse på Mysterøyra i gamle dagar. Øyra vart bruka til beistehage. Når kyrne gjekk og beitte nede der som ungdomshuset er no, kunne dei ikkje sjå dei oppe frå tunet. Då dei tok til å skogrydja øyra, skifte dei visstnok grunnen mellom seg etter kvart som rydjinga skreid fram. På denne måten vart der teigdeling. 1959 var innmarka 305,9 mål.
Stadnamn på innmarka: Floten, Stølen, Geilabrekka, Eikjemoteigane, Stadlane, Myrgardsteigen, Brekkena, Vodlane, Storeteigane, Stutteteigane, Steinateigane, Gardteigane, Rauneteigane, Klapsrindteigane, Tangateigen, Tjødnateigen, Teinleteigane, Munkabotnen, Storesanden, Sandbingen, Norebøen, Træet, Vetlatræet, Hopastykket, Solskinsbrekko, Kvednhuslia, Holmen, Myræ, Holebrekko, Haugabrekko, Eldhusbrekko, Tjelldalen, Stylkabrotet, Stokkatødna.
I utmarka er beiteretten sams, men skog og slått er delt mellom bruka. I ei slåtte som heitte Tonæ, var der ei utløe som Nereluten og Borteluten åtte i lag. I Slåttebotnen åtte Oppeluten og Nereluten ei løe i lag. Båe løene var delte med ein skiljegard etter midten. Slåtteteiggrensene fylgde ikkje skogamerke. På sume slåtter var der byteslått. Då slo dei berre halve slåtta det eine året, og andre helvta året etter. På den måten fekk slåtta eit kvileår. Den gamle bøgarden gjekk frå tunet og ned åt Teinleet attmed brua. Der var det eit le i garden. Garden var mest risgard, og kvart bruk hadde sitt stykke å halda i stand. Vyrke tok dei der det var høvelegast. Frå tunet opp til bøgarden ved Floten gjekk der ei geil. Denne geila var inngjerd med skigard. Når beista gjekk i heimemarka, kunne dei gå heilt heim åt tunet sjølve gjennom geila. Seinare gjekk kyrne i dalen ei tid før dei flytte på stølen. Borteluten og Nereluten var i lag om sæterhuset. Det var eit tømra hus med kjøken i midten og eit mjølkerom i kvar ende. I mjølkeroma var der sengeplassar.

Mysterstølen medan det enno gjekk kyr i marka. Med utsikt til Leiro

Mysterstølen i 2005 mot Fjellfossen. Selet lengst til høgre høyrer til bruk 4, Rinden men var tidlegare delt med bruk 6. I midten står huset til Bortane, bruk 3 og nærast vatnet ligg seterhuset til bruk 1, Oppeluten.
Kvernhuset er òg dei 3 hovudbruka saman om. Det er eit svært gamalt hus.
Om beitet heiter det 1863: ”Hjemmehavn ved Gaarden af god Beskaffenhed
Ogsaa Sæterhavn 1/4 Miil borte, tilsammen fuldt tilstrækkelig.” Beitet har vore såpass rikeleg at dei har kunna ta leigekyr. Det var helst folk frå Manger som hadde kyr på beite her.
Fisket er ikkje nemnt i eldre kjelder, men laksefisket i Eksingedalselva har vel hatt sitt å seia, både den tid brukarane nytte fiskeretten sjølve og etter at han vart leigd vekk. Den eldste tinglesne leigekontrakta er frå 1881. Då vart elva bortleigd til engelskmannen H. T. Partridge i 10 år. Frå 1887 var det Charles Amesley Hamond som leigde elva for ei årleg leige på kr. 120,-. 1892 vart leigekontrakta nya oppatt for 8 år. Den årlege leiga var den same som før. 1918 vart vassrettane i Eksingedalselva selde til adv. Nicolay Wiig. Sjå bnr. 17.
Laksefisket i elva var vekkleigt til plantasjeeigaren Pettersen Lind frå Guatemala i åra 1922-46, vert det opplyst på Eide. Dette galdt vel Myster sine elverettar og.
I ei sideelv finn me stadnamnet Sløo. Ei sløe er eit slag fiskefelle laga av trevyrke. Skogen er nemnd fleire gonger i dei gamle kjeldene, såleis 1661: ”Ingen Lunder uden till Hiemb brug Scouff.” 1723 er der også skog til sal: ”12. Møgster. 3 Mænd. landskyld 1 løb Smør 1/2 t. Malt Fogeden Sr. Jens Lem med bøxel tilhørende. Jngen Huusmands Pladser. Sætter 1/4 Mil fra Gaarden liggende, lit furreskoug til Huusfornødenh(ed) og Brende Veed skoug. 3de flomqværne. Ligger ved Søen 5 1/2 Mil fra Bergen, meget aarvant til Korn, tungvunden. Saar havre 7 t. Afler 21 t. 15 Kiør 6 Ungnød 36 faar 3 Hester. Taxt efter gl. Matricul 1 Løb 18 m. Smør. Forhøyet 18 m. Smør. lever af Qvægets avling og at selge (lit) Brendeveed til Skatternes hielp.” 1863 var der skog nok til ved, hustømmer og til husbruk, og dei kunne selja ved for 15 spd. netto årleg.
Her har vore fleire husmannsplass. Det eldste av dei var Storneset eller Vommæ. Storneset er eit nes som stikk ut i Eidsfjorden lengst sør på gardsområdet, like ved grensa mot Hesjedal. Plasset er fyrste gongen nemnt i manntalet 1666, og var då nyleg oppteke, men det var nedlagt før 1723. Sjå nedanfor under husmannsplass. På 1800-talet vart det teke opp fleire plass. 1825 fekk Ola A. Kvåstad festesetel frå brukaren på bnr. 3 på nokre slåtteteigar og markestykke: Rogneteigen, Tjødnateigen og Midtteigen. Ola var flytta herifrå alt før 1831.
1833 fekk Nils K. Farestveit bygsla plasset Myregardsbakken under bnr. 1. 1834 skreiv brukaren på bnr. 3 ut bygselsetel på plasset Norebø til Jon Hansson Dalseid. Dette plasset vart og kalla ”under Reinane”.»
Biletet er teke av fotograf Ingebrigt I. hjå Atelier KK i Bergen, no oppbevara hjå Universitetsbiblioteket i Bergen
Bruk under Myster:
Bnr. 3 Borteluten
Bnr. 4 Nereluten, eller Rinden
Bnr. 5 Tunet
Bnr. 6 Mysterøyra
Bnr. 7
Bnr. 8 og 10 Teinleet
Bnr. 9 Mysterøyra
Bnr. 11 Sagelva
Bnr. 12 Fagervoll
Bnr. 13, 14 og 15 Nordheim
Bnr. 16 Fritun
Bnr. 17 Eksingedalsvassdraget III
Bnr. 18 Solbakken
Bnr. 19 Solglimt
Bnr. 20 Nordbø
Bnr. 21 Bruvoll
Bnr. 22 Lid
Bnr. 23 Renn
Bnr. 24 Bøtun
Bnr. 26 Solbakken
Bnr, 28 Rinden
Bnr, 29 og 30 Renn
Bnr. 31 Fredly
Bnr. 32 Sandvoll
Bnr. 33 og 34 Friborg
Bnr. 35 Heimly
Bnr. 36 Nordmark
Bnr. 37 Lillenes
Bnr. 38 Elvestrand
Bnr. 39 Sandbingen
Bnr. 40 Teigen
Bnr. 41 Sandly
Bnr. 42 Lyngtun
Bnr. 43 Alvheim
Bnr, 44 Høgatun (Stølen)
Bnr. 45 Eksobo
Bnr. 46 Svingen (Heggjesteinen?)
Bnr. 47 Svingen I
Bnr. 48, 49, 62,63,64,65,66,67,68 Leikarvollen I (Fotballbana)
Bnr. 50 Triangelen
Bnr. 51 Øyri
Bnr. 52 Elvebakken
Bnr. 53 Nordhaug
Bnr. 54 Utsikten
Bnr. 55 Dukrehaugen
Bnr 56 Bjørklund
Bnr. 59 Eidslandsvegen 1979 (Munkabotn)
Bnr. 60 Mystervegen 55
Bnr. 61 Tilleggstomt for Grendahuset
Bnr. 69 Nausttomt Elvestrand
Bnr. 70 Veg over/langs Bruvoll
Bnr. 71 Nordheimsvegen 4
Bnr. 72 Vegeigedom frå Vodlane-Eidsfossen
Bnr.74 og 75 Kraftverkområde 2 (Urabotn)
Bnr 76 Hustomt ved fotballbana
Bnr. 77 Mystervegen 52
Bnr. 78 Nordheimsvegen 20 (BKK Vodlane)
Bnr. 79 Mystervegen 58 (Rinden)
Bnr. 80 Mystervegen 56 (Rinden)
Bnr. 81 Eidslandsvege 1981 (Munkabotn)
Bnr. 82, 83, 84, 85 Mystrastubben (Veg Storatjørna-Opeim)
Bnr. 86 Riksveg 569
Bnr. 87 Storparten av restinnmarka av bruk 6
Bnr. 88 Hyttetomt (Storatjørna)
Bnr 89 Tomt til kraftstasjon under Fosslia
Bnr 90 Hustomt på Rinden