Leiro

Dette står det å lesa om Leiro i Vaksdal Bygdebok, bind III:

Ligg på fastlandet vel 2 km søraust for Eikefet, 1,5 km aust for Myster. Tunet ligg 333 m.o.h. nord for Leirovatnet som ligg på 323 m.o.h.

Gardsnamnet vart skrive Lera 1667, Leraae 1723, Leeraas 1853, Leiren (Mysterleiren) 1886. Segna seier at namnet kjem av at ein krigshær hadde leir her. I Norske Gaardsnavne finn me 2 ulike tolkingar av namnet. Den eine går ut på at garden har fått namn etter elva som renn gjennom dalføret frå Leiro til Myster. Denne elva må då ha heitt Leira. Den andre tolkinga byggjer på at namnet kjem av leira f. leirgrunn. Same gardsnamnet finn me ein annan stad i sokna. Det er gardsnr. 46 Stamnesleiro. Der er det leirgrunn. Men slik grunn finst ikkje på Mysterleiro. Bygdemålsuttalen er leiro el. Myssterleiró. «Eg skal på Leiro», men «eg er på Leirne».

Leiro er ein av dei yngste gardane i Stamnessokna. Han vart truleg oppteken i 1640-åra. I den gamle brukarætta som emigrerte til U.S.A. om lag 1880 var det munnleg tradisjon om korleis garden vart busett: Den fyrste brukaren heitte Olav. Han skulle vera odelsgut på Oppeluten på Myster. Då syster hans gifte seg, let foreldra henne få garden. Olav lika ikkje dette, som ventande var, men han ville heller ikkje ta opp nokon strid. Han tok øksa på nakken og gjekk opp til Leiro. Der rudde og bygde han seg ein heim. Han tok som sin eigedom heile stroket på nordre og austre sida av vatnet, heilt til fjelltoppane i nordvest, nord og aust for garden. Etter Olav vart sonen Johannes brukar, og etter han kom Nils Johannesson. Dei skriftlege kjeldene ser ut til å stø oppunder og utfylla denne tradisjonen. Ved byrjinga av 1600-talet var der på Myster ein brukar som heitte Johannes, nemnd fyrste gong 1609. Kona hans, Anna, var enkje 1645. Ho er i Koppskattemanntalet det året oppførd med sonen Olav og døtrene Randi og Helga. Det er truleg at dei budde på Oppeluten. Neste brukar der var Olav Pedersson Flatekvål. Olav Johannesson finn me ikkje meir nemnd, korkje på Myster eller Leiro. Den fyrste brukaren på Leiro som er nemnd i skriftlege kjelder, heiter Johannes Olsson. 1664 er han 31 år gamal. 1665 fødde han 10 storfe. Det er difor lite rimeleg at Johannes var rudningsmann her. Meir truleg er det at her var ein brukar før han, og at rudningsmannen var Olav Johannesson Myster, slik tradisjonen fortel.

Leiro grensar til Eikemo, Eikefet og Myster, Høvik, Vetlejord og Nese. Grensegang mellom Myster og Leiro vart halden og tinglyst 1832. Denne grensa er også skriftfest ved utskiftingsforretning på Myster 1837. Sjå Myster.

1723 heiter det om garden: «Lerrae. 1 Mand. landskyld 2 pd. 12 m.s. Hr. Søren de Fine tilhørende. Jngen Huusmandsplaser. Jntet Sætter. Brendeveed skoug. 1 flomqværn. ligger 1/4 Mil fra Søen og 5 3/4 Mil fra Bergen, gandske uvis til Korn og tungvunden til Høe. Saar havre 2 t. avler 4 t. 7 Kiør 3 Ungnød 12 faar 1 Hest. Taxt efter gl. Matricul 1/2 løb S. lever meest of Qvægets avling.»

Leiro var einbølt gard til 1886. Då vart garden skift i 2 jamstore bruk. Det vart halde skylddeling, og forretningen vart tinglyst 1886. Kvar av dei større teigane på innmarka vart skift mellom bruka. Heimanfor Storebekken hadde kvart bruk ein teig, og kvar sin teig innanfor Storebekken til elva. Dei hadde kvar sine Haustteigar, Lessingateigar, Holeteigar og Litlevikteigar. Denne utskiftinga står enno ved lag.

Husa i tuna vart delte mellom brukarane då garden vart delt. Brukaren på bnr. 2 fekk skøyte på helvta av husa. Brukaren på bnr. 1 bygde nye hus. Halve eine stova åt bnr. 2 stod på teigen åt bnr. 1.

Åkrane låg i teigane heimanfor Storebekken. 1863 var her 7 2/5 mål åker. Berre 2/3 mål var god åker, 3 1/2 mål var middels god, resten var ring. Her var frostlendt og sein haust. Det var ikkje alltid dei fekk moge korn. I tradisjonen om Nils, den tredje brukaren, vert det fortalt at han sådde 6 år etter einannan, og kornet fraus kvart år. Då han sådde det sjuande året, sa han at dersom det vart uår denne gongen og, ville han ikkje meir så åkrane til. Brukaren Johannes Olsson f. 1804 minnest at dei åt borkebrød. Men dei åra då det var knapt med grjon, var det rikeleg med fisk.

Bøen var 1863 60,8 mål. 6,8 mål var god bø, 24 mål middels bø, 30 mål var ring bø. Høyavlingane på garden var store. 1863 hausta dei 614 v. høy. Frå slåttene fekk dei 240 v. Garden var lett å onna, men det var langt til slåttene. Det var fleire utløer på garden. Etter delinga hadde bnr. 1 to løer, ei i Kupeslåtto og ei i Resaslåtto. Br. 2 hadde 3 løer, i Røyrbakkslåtto, Vetleløslåtto og Dalaslåtto. På Kupo oppe på fjellet hadde dei stakkstøe. Båe bruk hadde slåtter der, og dei kunne slå opptil 100 bører høy. Fødnaden på garden var stor. (Sjå oppgåver nedanfor.)

Før garden vart delt hadde Leiro større fødnad enn noko anna bruk i Stamnessokna. Skifta vitnar og om velstand. Olav Johannesson var brukar 1805 til 1830. Da fyrste kona døydde 1806, var nettoen i buet vel 107 rdl., men då det vart skift etter Olav 1833 var nettoen vel 485 spd. Han hadde ute på lån 262 spd. mot pant i gardar i Evanger, Radøy og ein gard i Stamnessokna. Tradisjonen fortel at ein gong Olav hadde vore i Bergen og selt smør, hadde han med seg heim så mykje papirpengar at han måtte leggja ein del av dei i ein tom smørholk. Dette må ha vore i 1815 då pengeverdet var svært lågt.

Beitet var rikeleg åt den store fødnaden. 1863: «Beliggende ved Gaarden af god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig.» Her var skog nok til ved, hustømmer og litt never til husbruk. Ved til sal er ikkje nemnt 1863, men dei kunne selja bork til ein årleg netto på 1 spd. Kverna stod i det vesle elvestykket mellom vatnet og fossen, mest framme på fossen. Der var det slipestein og. Lenger nede i elva, mest nede ved Myster, hadde Leiromennene ei stampe. Folk kom der med vadmål og fekk det stampa. Denne stampa låg i Mysterutmarka. Stampa stod enno ved siste hundreårsskiftet. Staden vert enno kalla Stampo.

Vassrettar og fiskevatn vart 1886 utleigde til August Wallendahl for 20 år. 1911 vart tinglese dokument om overdraging av Leiroelva sine vassfall med fiske- og fløytingsrettar frå eigarane på Leiro og Myster til Møster & Co. eller rettsetterfylgjarar. Kjøparane skulle ha uavgrensa reguleringsrett i fjellvatn, unnateke Leirovatnet som berre skulle oppdemmast i ei viss høgd. Seljarane har teke unna rett til transportbane, fiske- og fløytingsrett, og vassretten i ein viss strekning. Kjøpesummen skulle avgjerast i visse hestekrefter som seljarane skulle ha i årlege avgifter. 1913 vart tinglese dokument der eigarane på bnr. 1 og 2 fall frå kravet på trekkbane mot at A/S Eidsfjord Møbelfabrikk svara ei årleg avgift på kr. 50,—.

Leiro er no øydegard. Folket på bruk 1 flytte herifrå 1948. På bnr. 2 budde der folk til 1947. Den viktigaste grunnen til fråflyttinga var nok at garden låg så einsamt til og at dei ikkje hadde skikkeleg veg. Tilhøvet var det same i dette hundreåret som i 1863, då lægjet åt garden vart karakterisert slik: «Omtrent 1/4 Mill ubanet og vanskelig Vei til Søen, derfra 5 1/4 Miil til Bergen. Meniis omtrent 5 1/2 Mdr.»

Den munnlege tradisjonen i den gamle brukarætta vart nedskriven 1933 i Barret, Minnesota, av dotter åt lærar Johannes J. Lerås f. 1857. Alfred Knutsen publiserte ein del av oppteikninga i bladet Nordhordland 7/12 1939. Dei gamle stadnamna på garden lærde kårkona Anna Askjelsdtr. f. 1819 frå seg til dei nye brukarane. Stadnamna vart nedskrivne 1964 av lektor Andreas Leiro.

Heimanfor Storebekken hadde dei desse namn: Geilæ, Rinden, Kariåkeren, Nyåkeren, Ækro, Solbakken, Solbakkehesæ, Gaupo (hes), Rugkallen, Flatåkeren, Bjørkåkeren, Kjelldalen, Kjeldo, Kjeldebekken, Smidalen, Smibrekko, Smibekken, Myrane, Neset, Stemmo, Slipo. Paddøynæ. Innanfor Storebekken låg Haugen, Vetlestølen, Holmane, Kalvhusmyrane, Skrubbebærhaugen, Trekanten. Dei hadde Storaleet, Kalvhusleet og Rindaleet. Utangjerdes låg Røyrbakkafjellet, Brystykket (ei trekanta to i fjellet), Stekkjeborgjæ, Stortonæ, Joanstonæ, Bjødnejoræ, Høgkrånæ, Vetlaløslåtto, Langerinden, Midrinden, Røyrbakkabrotet, Mjodalen, Gardbogane, Storhaugen, Kjemmet, Rotabrekko, Hamrane, Russliæ, Høghaugane, Leitet, Krånæ, Set-tødna, Reset, Resaslåtto, Fjellfossen, Fjellbotnane, Troppetødna, Svartaberget, Fyrklehamrane, Nakkane, Daurmålsbotn, Bjønnstonæ, Osen, Leirefossen, Kupena, Tistlane, Lynghaugen, Fossane, Høystaksbotnen, Høystaksløo, Mjodalen, Skreena, Hedlebekken, Hedlebekkmyrane, MartaJo-steinen. Marta-Jo var Jon A. Øyo f. 1821, b. Stamnes bnr. 70. Sjå husfolk.