Hesjedalen

I Vaksdal Bygdebok, band III kan ein lesa dette om Hesjedalen:

Ligg på austsida av Eidsfjorden, 4 km nordaust for Kalland. Tunet ligg om lag 200 m.o.h. nord for Hesjedalsvatnet som ligg på 99 m høgd. Frå Hesjedalsvatnet renn ei elv i nordleg retning til eit mindre vatn, Midtvatnet (Vikavatnet). Ved utlaupet av dette vatnet fell Hesjedalsfossen ned i fjorden. Dette er den største fossen i heradet. Då vegen til Eidsland vart bygd, vart det frie fallet at fossen skipla. Ved Eidsfjorden hadde garden frå gamalt båtstøe og naust. Denne sjoarvegen har vorte mindre brukt etterat det kom veg sørover til Vikastoa. Vegen frå Vik vart påbyrja 1922 og er no ferdig til Hesjedal.

Om lægjet åt garden heiter det 1723: «ligger lit fra Søen og 5 Mile fra Bergen, lider skade ved fieldskreed og meget tungvunden.» 1863: «Omtr. 1/4 Miil frå Søen og derfrå 5 Miil til Bergen. Meniis omtr. 5 1/2 Mdr.».

Gardsnamnet vårt skrive: Hessedall 1563, 1610, 1611, Hessdal 1620, Hessiedal 1667, Hesjedal 1723. Bygdemålsuttalen er he’ssjedal. Det er 2 gardar i heradet med same namn. Den andre ligg på Osterøy. Båe stader skal det finnast hellestein ell. skifer, og Magnus Olsen meiner at namnet må tolkast ut frå dette. Førelekken skulle vera eit gamalt hokjønnsord esja, som tyder stein som lett let seg kløyva. Oluf Rygh meiner derimot at dette namnet har opphavet sitt i eit elvenamn.

Hesjedal grensar mot Myster i nord og aust, Stamnes i aust, Øyo og Vik i og Kalland mot vest. Mot nordvest er fjorden grense. Grensa mot grannegardane vart skriftfest og tinglyst ved minneleg utskifting 1835. Grensa mot Myster tek til ved ein bekk som munnar ut ved støa i Storneset. Grensa fylgjer bekken til ein bergnakke ovanfor Vommeglyfso, der det er ei fjellrust med innhogge X. I eit berg ved enden av Vommenova er innhogge eit olbogemerke. Herfrå går grensa til Flefjellet. Frå Flefjellet til eit berg på Midhjellnolten, og derfrå til ein stor stein i Rossehaugen. Frå Rossehaugen går grensa til Middagsskaret og fylgjer sidan sør etter fjellbruna til grensa mot Stamnes.

Grensa mot Stamnes, sjå Stamnes. Grensa mot Øyo, sjå Øyo. Grensa mot Vik, sjå Vik.

Garden var busett før vikingtida. Kring 1925 vart det grave på Stølen i ein haug 50 m nord for det gamle tunet. Det var ein fin, jamn og rund haug, om lag 2,5 m i tverrmål, laga av stein og jord. På toppen låg det ein stor stein, og da han vart flytt, fann dei ei grav med ymse reidskapar nedlagde. Der var m.a. vevskei og nokre tindar til linhekle, alt av jarn, eit snellehjul av stein til handtein og eit stykke av eit skiferbryne. Attmed den gamle gravhaugen er der 2 steinlagde ringar, den eine berre 1/2 m. ifrå. Sør for gravhaugen er det endå ein haug, som kanskje er kunstig, kanskje naturleg. Han er ikkje utgraven. På Tresåkråne 250-300 m nordvest for tunet fann dei ved dyrking ein rund jordhaug med steinlagd kant. Det er truleg og ein gravhaug, men der vart ikkje gjort noko funn. Haugen låg nedanfor den gamle sjoarvegen og var synleg frå den.

Svartedauden, som la øyde så mange gardar, ser ikkje ut til å ha ført til avbrot i busetjinga i Hesjedal. På 1500-talet og fyrst på 1600-talet var her berre ein brukar, men 1645 var her 2 brukarar, og dette brukartalet heldt seg til kring 1850. Dei to bruka hadde jamstor skyld. 1852 vart den eine helvta delt i to jamstore bruk. Sjå bnr. 1 og 2. Den andre helvta, som det er gjort greide for under bnr. 3, har ikkje vorte meir oppdelt. Segna seier at fyrste gongen garden vart delt, vart han skift mellom 2 systre. Den eine fekk det beste av bøen, og den andre det beste av skogen. Folket på garden meiner at den beste bøen vart liggjande under bnr. 1-2, og den beste skogen under bnr. 3. Ved den fyrste delinga vart bøen delt i 4 hovudteigar, 2 til kvar av brukarane. Men då det eine bruket vart delt på nytt 1852, vart dei to bøteigane, som høyrde til dette bruket, kvar delt i 8 teigar. Kring hundreårsskiftet vart det hadde offentleg utskifting. Denne utskiftinga var ferdig 1902, tinglyst 1903.

Før utskiftinga budde alle brukarane saman i eitt tun. Br. 3 har framleis husa sine ståande i det gamle tunet. Br. 1 er flytt noko lenger sør på innmarka, og bnr. 2 ligg mellom desse to tuna. Bruksnamna ser ut til å gå attende på tilhøvet i det gamle tunet. Br. 1 vert kalla «hjå dei borte», bnr. 3 «dei nere» og bnr. 2 «dei oppe».

Det eldste huset på garden er truleg gamlestova på bnr. 3, ein lang bygning med 4 rom etter einannan. Lengst mot nord i huset ligg ei stor stove som vart bruka til kårstove, så kjem ei svol med skorstein, deretter endå ei stove, og lengst sør ei bu med lem. Huset er, som alle dei andre husa på bnr. 3 og elles mange av husa i Hesjedal, tekt med never og torv. Stovehuset åt bnr. 1 i det gamle tunet var tredelt. I midten var «døræ» med ei stove på kvar side, Vetlestova og Storstova. Attmed Vetlestova var det ei svol. I «døræ» var open skorstein, og i båe stovene omnar. Frå « døræ » var det utgang til sider av huset. På nedsida var der ei tropp. Døra på oppsida var delt i to. Over stova var det lem med ei luke ned til stova. På denne lemmen hadde borna sengene sine. Over døra var det ein utelem.

1863 var det på heile garden 12 mål åker. 8 mål var god åker, 2/3 mål var middels god, og resten var ring. Wien var om lag 61 mål. 17 mål god bø, 12 1/5 mål middels god, 28 4/5 mål ring bø. Den fyrste som tok til å pløya åkrane var visstnok Magne Knutsson, brukar på bnr. 3 frå 1879.

I utmarka er beitet sams, men skogen delt, så nær som eit par mindre teigar. Der er 4 hopaeigar. Den synste, Stigabrekksteigen, som ligg imot Vik, eig alle tre i lag. Kupeteigen er også hopaskog til alle tre bruk. Bukkatoberget og Nordreliæ eig bnr. 1 og 2 i lag. Br. 1 har 7 skogteigar, bnr. 2 har 6 og bnr. 3 visstnok òg 6. Hesjedalsberget eig alle tre i lag. Denne teigen går frå Hesjastoæ ved sjøen og til merket mot Myster. Av hopaslåtter var der ei i Storeneset. Ho høyrde til bnr. 2 og 3. Slåtta var kalla Neset, og låg i hopateigen i Hesjedalsberget. Elles låg slåttene ofte i annan manns skogteig. Kvart bruk hadde fleire utløer. Br. 1 hadde utløer i Kupehjedlen, Botnen, Midhjellskaret og ei i Hadlet ved vatnet. I hopeslåtta i Neset hadde bnr. 2 og 3 løe i lag. Dei delte høyet når dei skulle føra det heim. I sume slåtter var der ikkje løer. Dei kalla dei heimberingsslåtter, og då brukte dei ofta å rodda høyet. Husmannen i Mikjelshaugen hadde 2 utløer, og han brukte å stekkja ein del av høyet. 1863 vart det oppgjeve at dei fekk 362 våger høy frå slåttene.

Skogen er det nemnt lite om i kjeldene frå 1600-talet. 1661 heiter det: «Jngen Lunder uden hieme-brende.» 1723 var her litt fureskog og elles vedskog til eige bruk. Noko av landskylda ser frå gamalt ut til å ha vore svara i never. 1648 er landskylda t.d. 1/2 laup smør, 3 våger never. 1863 var her skog nok til ved, hustømmer og til husbruk. På bnr. 1 selde dei ved for 1 spd. årleg, likeeins på bnr. 2, men på bnr. 3 selde dei ved og tømmer for 9 spd. netto årleg. Om beitet heiter det 1864: «Hjemmehavn ved Gaarden of god Beskaffenhed. Ogsaa Sæterhavn 1/2 Miil borte tilsammen fuldt tilstrækkelig.» På Hesjedalssætret støla alle 3 bruk til kring 1950. Kvart bruk hadde sitt sæterhus. Den gamle løysingsdagen var 16. mai. Kyrne gjekk fyrst 4-5 veker i heimehagen, sidan 14 dags tid i Kupena, Sørebotn og Norebotn. Så flytte dei til fjellstølen, og sidan om hausten attende, fyrst til Kupena og til slutt i heimehågen. Den gamle sådagen var 3. mai.

Ingebrigt, som var brukar her i siste halvpart av 1600-talet, vart stemnd til tings 1685 fordi han skaut om helgedagane og på andre måtar forbraut seg mot jaktlova. Mons Askjelson på bnr. 3 f. 1730 d. 1806, var ein veidemann som det går segn om den dag i dag. På tinget 1752 viste han fram skinn av ein gamal bjørn som han sjølv hadde skote ved Mikkeli tid same år i Hesjedals utmark. Grannen Jakob Gulleikson Kalland var med som vitne.

I åra før og etter 1900 var her mykje vilt i Storfjellet og andre fjell her i kring. I 1890-åra kom dei nye haglgeværa i bruk. Det var bakladningsgevær, i staden for dei gamle munnladningsgeværa. Det førde til at det vart skote mykje rjupe og orrfugl, ofte mellom 20 og 30 for dagen av kvar jeger. Det var eit fagert syn når folk om haustdagane var til fjells og såg dei store flokkane med rjupe. Her er eit par reveomnar til fangst av raudrev.

Sjøfiske etter laks vert drive i Eidsfjorden. Lakserettane i fjorden har brukarane leigt vekk. No er det ikkje fiske etter laks på garden.

Ei flaumkvern høyrde til garden 1723. I manns minne har dei hatt kvernhus på Osen på Kallands eigedom. Der var det stendig vatn som ikkje fraus, og det kom folk heilt frå Mundal i Osterfjorden for å mala der. I kvernhuset var det innskore namn på folk som mol der. Sag har dei hatt ved Hesjedalsfossen. Den fyrste saga, ei sirkelsag, vart bygd ved fossen kring 1870 av Anders J. Stamneshagen. Denne saga var i drift til fram imot 1920. Folk lenger ute or fjorden, m.a. frå Grøsvik, kom hit for å saga tømmeret sitt.

I Neset, ved merket mot Myster nedved fjorden, låg der eit gamalt husmannsplass. Tufter etter husa syner enno i Seljehola, men det er ikkje opplysningar om kven som budde der. 1835 vart det teke opp eit husmannsplass i utmarka. Plasset vart kalla Mikkjelshaugen eller Haugen, og det budde folk der til om lag 1900. Då fall plasset attende til garden, og brukarane har delt det mellom seg og har slåtter der.

Kvernhuset var Sams for alle 3 bruk. Takningsrota: Vik, Øyo, Hesjedal, Kalland, Stamnes og Brørvik. Gravarrota: Vik, Øyo, Hesjedal. Kanskje var Straume og med før.