
Eide med Eidsøyra, ca 1937 frå postkortsamlinga til Atelier KK, no i samlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen. Vegen gjennom Åsen er som de kan sjå komen godt i gang!
I Vaksdal Bygdebok, band III kan ein lesa:
Ligg inst i Eidsfjorden på ein morene mellom fjordbotnen og Eksingedalselva. Gardstunet ligg oppe på toppen av morenen, om lag 1 km i luftline frå det gamle gardstunet på Myster. Ferdsla mellom dei 2 gardane gjekk før med båt over elva. Båtane låg i Båthølen, der det seinare vart bygt bru. Ned mot fjorden ligg Eidslandet med gamal båtstø for Eide, Eikefet og Eikemo. Her er det dampskipsstoppestad med kai, landhandel og postopneri. 1820-30 vart det bygt kløvveg frå Eide til Høvik i Eksingedalen. Gardane i nedre Eksingedalen, som før som oftast hadde fare til Mo når dei skulle til sjøen, tok no til å føra varene sine til og frå Eidslandet. I 1880-åra vart det bygt køyreveg oppover Eksingedalen. Vegen langs Eidsfjorden var under bygging i 1919-1939 og opna for ferdsla over land til Stamnes og Straume.
Gardsnamnet vart skrive Eidh 1463, Eide 1610, 1667, 1723. Bygdemålsuttalen er ei`e. Namnet er ei dativform av inkjekjønsordet eid, som tyder landhals ell. landtunge. Det kan førast attende til eit gamalt indogermansk ord med tydinga gard. Eid bruka som stadnamn har mest alltid noko med ferdsla å gjera. Oftast merkjer det ut ein stad mellom 2 fjordar eller vassdrag der ferdsla måtte gå over land. Magnus Olsen skriv om dette gardsnamnet i Norske gårdnavne: «Her falder Eksingedalens betydelige Vasdrag ud. Navnet maa være motiveret ved Begyndelsen of Landtransporten op til dette lange Dalføres Gaarde.»
Eide grensar mot Mellesdal, Brørvik, Mostraum, Langedal, Eikefet og Myster. Eksingedalselva er grense mot Myster. Denne grensa vart fastsett ved grensegang på Myster 1837. Om grensa mot Brørvik, sjå Brørvik. Grensa mot dei andre grannegardane er, såvidt ein kan sjå, ikkje skriftfest eller tinglyst.
Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finn ein i Munkeliv klosters jordebok 1463. Her er registrert ein gravhaug på garden 1963, men han er enno ikkje utgraven, så ein veit ikkje kor gamal han er. Gardsnamnet er ikkje av ein slik type at det kan gje noko rettleiing om kva tid garden er rudd. Namnet fortel om ferdsle, ikkje om fast busetnad, men det er rimeleg å tru at folk tidleg har busett seg på ein så sentral stad med dyrkingsjord og godt fiske. Eide er truleg ein av dei eldste gardane i Stamnes sokn.
Det er ikkje noko som tyder på at garden vart nedlagd etter svartedauden. Det vart betalt leidang både 1567 og 1590-91. 1626 vert garden karakterisert slik: « i lige maade noged Ringe Furreschouff thiil Husbehoff». «i lige maade» viser til noten for Lillejord: «ligger langtt og thil Fieldz er noged Ringe Fureschouff.» Dette må vel seiast å vera freistnad på å gjera garden ringare enn han var. I matrikkelen 1723 finn me dette: «11. Eide 3 Mænd landskyld 1 løb Smør 1/2 t. Malt,
Opsidderen Ole eier 18 pund smør 6 Kander Malt. Opsidderen Hans eier 18 pund Smør 6 Kander Malt, resten Elling Hannestvet, og hver sit med Bøxel. Ingen Hussmands Pladser. Sætter 1/2 Mil fra Gaarden liggende, furreved til Husfornødenhed Brendeveed. 3de flomqværn. ligger ved Søen 5 1/2 Mile fra Bergen, maadelig til Korn, og meget tungvunden til Høe. Saar havre 6 3/4 t. Afler 23 1/4 t. 15 Kiør 3 Ungnød 36 faar 3 Hester. Taxt efter gl. Matricul 1 løb 18 pund Smør. Forhøyet 18 pund Smør, lever of Qvægetz avling og lit Brendeved at selge til Skatternis Hielp.” Om lægjet åt garden heiter det 1863: «Ved Søen og derfra 5 1/4 Miil til Bergen. Meniis omtrent 5 1/2 Mdr. . . . Lidt frostlændt lidt skinlændt.» Oppdelinga av garden i fleire bruk ser ut til å ha gått for seg fyrst på 1600-talet. 1645 var her 3 brukarar. 1648 hadde brukaren Olav helvta av garden, og Knut og Arne kvar sin fjerdepart. Men 1666 var garden delt i 3 jamstore bruk, og denne delinga vart ikkje skipla før 1898. Då vart eit stykke på Eidslandet, bnr.nr. 4 Naustleitet, skilt frå bruk 3. Her vart det drive landhandel og seinare samyrkelag. 1899 vart tomt til skulehus skilt ut frå alle 3 hovudbruka, og 1906 vart det gamle husmannsplasset Sveo sjølveigande. Seinare har det vorte skilt frå ein del mindre jordstykke, for det meste hustufter.
Busetnaden på Eide viser uvanleg stor stabilitet. Dei 3 hovudbruka heldt til i same tun fram til 1924. Br. 1 heiter «Olastovo». Den fyrste Olav finn me på dette bruket 1694. Hans etterkomarar har site på bruket heile tida seinare. Br. 2, «Jakobsstovo», har namnet etter Jakob J. Straume, som bygsla dette bruket 1735. Enkja hans vart g.m. Bertil H. Eikefet, og deira etterkomarar sit framleis med bruket. Br. 3, «Larsastovo», har namnet etter Lars J. Eikemo, som vart brukar her 1735. Han var g.m. dotter åt den gamle brukaren, og deira etterkomarar sit enno med bruket.
I det gamle tunet låg husa som høyrde til dei 3 bruka samla. Mange av husa som låg i tunet før utskiftinga, var heller gamle. Offentleg utskifting vart halden 1911, overutskifting vart tinglesen 1916. Ei rettssak etterpå førde ikkje til endringar, men gjorde at overutskiftinga ikkje vart sett i verk før 1924. Då flytte Jakobsstova ut or det gamle tunet og bygde nytt tun lenger nord på innmarka.
Innmarka var nokså mykje teigdelt før utskiftinga. Fleire stader var det slik at ein mann åtte åkeren, ein annan bøen som låg ikring. Der var ikkje noko sameige på innmarka. 1863 var her om lag 19 1/2 mål åker, av det var 12 3/5 mål god åker, 5 1/4 middels, og 1 1/2 mål ring åker. Aker og eng var delt likt mellom dei 3 bruka. Engvidda var på 91 mål. 30 mål var god eng, 6 mål middels god, resten var ring. Av dyrkingsjord reknar dei at her var om lag 6 mål. Heime var det lett å onna, men det var langt til slåttene. Frå slåttene fekk dei 672 våger høy, dvs. 224 våger høy på kvart bruk.
I utmarka var beitet sams, men elles ser det ut til at eigedomsdeling var fullt gjennomførd når det galdt slått og skog. Dei slåttene som låg lengst til fjells, låg oftast greitt i skogteigen til eigaren, men nærare heimebøen var det meir ymist. Der kunne slåttene liggja i annan manns skogteig.
Skogen vert nemnd fleire gonger på 1600-talet, som i Landkommisjonen 1661: «Jngen Lunder Vden Brende och Furresch. till Husbehoff.» Seinare er det fleire gonger, t.d. 1723, nemnt at dei kunne selja ved, men ikkje tømmer. 1863 kunne dei selja ved for netto 8 spd. årleg på kvart bruk. Beitet vert 1863 karakterisert slik: «Hjemmehavn ved Gaarden men liden af god Beskaffenhed. Ogsaa Sæterhavn 1/4 Miil borte og tilsammen tilstrækkelig.» Sætra ligg oppe i fjellet, vest for garden. Der er 3 sæterhus, eitt til kvart bruk. 2 av husa er grindabygde med 3 par stavar i kvart. I eine enden er det eit ope skot, resten er kledt med liggjande kledning. Sæterhusa har torvtak. I kjellaren under husa er det flor. Det tredje sæterhuset er tømra. Dei to grindabygde husa er ikkje så serleg gamle. Det eine er oppsett i maims minne og kom i staden for eit eldre hus av tømmer. Sætra har ikkje vore i bruk sidan 1930-åra.
Fisket er det lite nemnt om i dei eldre kjeldene. 1863: «Her kastes undertiden Smaasild.» Kasting plar brukarane vera i lag om, og landsluten vert delt likt, same kvar dei kjem til lands.
I Eksingedalselva har Eide og Myster fiskerett i lag frå elveosen til grensa mot Eikefet om lag 3 km. oppe i elva. Dette fisket er ikkje nemnt i offentlege dokument før 1883, då elva vart vekkleigd for 10 år til engelskmannen H. T. Partridge. Frå 1887 vart elva vekkleigd for kr. 120,— årleg til Charles Amesley Hamond. 1889 vart det tinglyst ny kontrakt med den same. Kontrakta skulle gjelda i 8 år, rekna frå 1892. Frå 1922-46 leigde ein plantasjeeigar frå Guatemala fiskerettane i elva. Han heitte Pettersen Lind, og var ætta frå Stolmen, der far hans hadde brennevinshandel.
I nyare tid har alt fiske vore med stong. Elveretten er delt i sjettepartar. Dei tre hovudbruka på Eide har kvar sin sjettepart. Dei andre partane er delte mellom brukarane på Myster bnr. 1-2, 3, 4 og 6. Fisket går for seg i fisketida om sumaren og er skipa slik at eigaren av kvar sjettepart har full råderett over elva i 2 døger. Sidan må han venta 10 døger til dei andre har hatt sine turar.
Innkoma av fisket er nokså skiftande frå år til år. I det siste har leiga for ein sjettepart i ein sesong vore betalt med kr. 1.800.
Eit av dei lunnende som ikkje har vore utnytta før i seinare tid, er dei store mengder av sand som finst i den morena garden ligg på. Sanddrifta her inne tok til noko seinare enn på Stamnes og Straume, truleg kring hundreårsskiftet. Brukarane har for det meste stått for sanddrifta sjølve. Men på bnr. 2 pakta dei ei tid bort nokre sandtak. 1907 vart det tinglese forpaktningskontrakt frå Jakob J. Eide til Johannes Martinsson og Martin Johannesson Aas for levetida, med rett til å ta all sand og grus frå sandtaka «Tunåkerbrotet», «Smidjebrotet» og «Veaflotsbrotet». 1906 vart det tinglese kontrakt frå den same brukaren til Halstein og Johannes Stamnesleiro med einerett til å grava og ta all brukande mursand frå «Tunåkeren» og «Tunåkerbrotane».
Fram til 1950-åra tok dei berre ut sand på innmarka. I åra 1943-48 grov dei seg tvers gjennom morena noko sør for Jakobstunet, slik at det vart ei djup gjel der. Gardsvegen vart lagd på bru over gjela, og på botnen i gjela fekk dei veg opp til dei nye sandtaka i Hagen, lenger oppe langs elva. Sanddrifta har etter kvart vorte ein så viktig del av næringsgrunnlaget på denne garden at ho gjev hovudinnkoma.
Fleire andre verksemder har gjort at folketalet på garden og busetnaden har auka etter hundreårsskiftet. Her er fleire møbelfabrikkar. Den eldste av dei er A/S Eidsfjord Møbelfabrikk, som 1911 vart flytt frå Myster til Eidsøyra, sjå bnr. 9. Eidsøyra var før slåtteland under dei 3 hovudbruka. 2 mindre møbelfabrikkar vart grunnlagde 1947. Det er Elvestrand Trevarefabrikk og Friborg Møbelfabrikk.

Eide frå ca 1937 frå postkortsamlinga til atelier KK, no lagra i Universitetsbiblioteket i Bergen Stortunnellen ser bl.a. ferdig ut
På Eidsøyra vart det 1892 laga gravplass for gardane i Eidsfjorden. Seinare vart det teke opp arbeid for å få reist eit kapell i samband med gravplassen. Då det samstundes hadde vore samla inn midlar til bedehus, vart båe føremål slegne i hop, og det vart bygt eit korbedehus med fullt kyrkjeleg utstyr. Huset vart teke i bruk 1924 og vigsla 1925. Sjå soga om Stamneskyrkja 1942. Gravferdsrota ell. skyndagrenda, som dei seier her, omfatar Eide, Brørvik, Eikefet og Eikemo. I takningsrota var også Myster og Leiro med.
Bruk:
-
BNR. 1 Olastovo
-
Bnr. 2 Jakobstovo
-
Bnr. 3 Larsastovo
-
Bnr. 4 Naustleitet (Samvirkelaget)
-
Bnr.5, 6 og 7, Skuletomt (På Fagerbråtet)
-
Bnr. 8 Sveen
-
Bnr. 9 Eidsøyren (Fabrikktomta)
-
Bnr. 10 Solvang
-
Bnr. 11 Fredheim
-
Bnr. 12 Solstrand
-
Bnr. 13 Voll (Barakka)
-
Bnr. 14 Eksingevassdraget I
-
Bnr. 15 Eksingevassdraget II
-
Bnr. 16 og 17 Elvelund
-
Bnr. 18 Sjøtun (Sjøbue)
-
Bnr. 19 (Makebyte)
-
Bnr. 20 (Makebyte)
-
Bnr. 21 og 53 Sjøtun (Fjordtun)
-
Bnr. 22 Fossheim (Ved Kvednhusfossen)
-
Bnr. 23 Bakketun (Mellom tuna bnr 1 og 3)
-
Bnr. 24 Heimly (Øyra atmed barakka)
-
Bnr. 25 Alltun (kai, allmenning)
-
Bnr. 26 Mathopen (kai, allmenning Nyhopen)
-
Bnr. 27 Elvebrekka
-
Bnr. 28 og 29 Vika (Skulen)
-
Bnr. 30 Garatun (Gamleposten)
-
Bnr. 31 Fjordglytt (Gamle lærarbustaden)
-
Bnr. 32 Litun (i Sveo)
-
Bnr. 33 Libakken (i Sveo)
-
Bnr. 34 Moberg (ved butikken)
-
Bnr. 35 Sjøtun II (Kai/allmenning)
-
Bnr. 36 Seljestad (Almås)
-
Bnr. 37 Svetun
-
Bnr. 38 Tillegg til Bakketun
-
Bnr. 39 Tillegg til Litun
-
Bnr. 40 Høgatun, truleg seld som tilleggsjord til Libakken
-
Bnr. 41 Skogly
-
Bnr. 42 Åsen
-
Bnr. 43 Elvestad (tillegg til Elvelund)
-
Bnr. 44 Bjørkheim (ved Veafloten)
-
Bnr. 45 Naustleite
-
Bnr. 47 Tillegg til Åsen
-
Bnr. 50 Tillegg til Naustleite
-
Bnr. 51 Våningshus bruk 3
-
Bnr. 54, 52, 53, 55 Brannstasjon
-
Bnr. 56 MEB AS
-
Bnr. 57 Veganlegg Olavika-Mysterbrua
-
Bnr. 58 Renseanlegg
-
Bnr 59 Tillegg til Elvelund og Elvestad
-
Bnr. 60 Eidslandsvegen 2096
-
Bnr. 61 Eidslandsvegen 2090 (Bukkaskorva)
-
Bnr. 62 Eidslandsvegen 2094
-
Bnr. 63 Tilleggsareal (til Sjøtun (Fjordtun))
-
Bnr. 64, 46 og 48 Kyrkje og gravplass
-
Bnr. 65 Rv 569
-
Bnr. 66 (Stokkebakken?)
-
Bnr. 67 Kastebyte til Møbelfabrikken frå MEB AS
-
Bnr 68 Veteranbussklubben MEB
-
Bnr. 69 Kastebyte til MEB AS frå Møbelfabrikken
-
Bnr. 70 Tillegg til 35/9 Møbelfabrikken
-
Bnr. 71 Tillegg til renseanlegg
-
Bnr. 72 Tillegg til Skogly
-
Bnr. 73 Eidslandsvegen 2062 (Garasjen)
-
Bnr. 74 Saga