
Brørvik frå Vommanova
I Vaksdal Bygdebok band III står dette å lesa om Brørvik:
Ligg på nordsida av Eidsfjorden, 2 km sørvest for Eidsland. Tunet med innmarka ligg i ei sørvend vik, der elva, som kjem frå Stordalen, renn ut i fjorden. Både sør og nord for tunet er det bratte fjellsider ned mot fjorden. Her er ikkje gardsveg, og ferdsla må gå over fjorden. Gardsnamnet vart skrive Brør Vig 1666. Brørwig 1667. Brørvik 1723. Brørevig 1818. På 1800-talet også skrive Bjørgsvig el. Bjørsvig. 1886 Brørvik. I bygdemålet heiter garden brø’rvikjæ. Han bur i brø’rvikjene. Første lekken kan vera genitiv fleirtal av broðir, bror. Magnus Olsen meiner at garden kan ha fått namnet avdi to eller fleire brør kan ha ått han saman. Namnet treng vel ikkje ha noko med eigartilhøvet å gjera. Det kan og koma av at fleire brør har vore brukarar der etter einannan eller samstundes. Sjå nedanfor under brukarsoga.
Brørvik grensar mot Simenes og Eide. Om grensa mot Simenes, sjå Simenes. Grensa mot Eide tek til ved sjøen i Juvikrinden, ei rust mellom Juvik og Sandvik. Går mot nordvest til Merkesbotnen, derifrå over Merkesbotsrustene til Skavlabekken og fylgjer denne eit stykke i vestleg retning. Sidan går ho mot nord til Fjellbotsbekken. Derfrå mot sørvest til grensemerket på Salsfjellet der grensene mot Mostraum, Mellesdal, Simenes, Brørvik og Eide møtest.
Det eldste skriftlege vitnemålet om garden er frå 1657. I Bergenhus Amtsrekneskap 1665 vert det opplyst at Brørvik er nyrudd og at skylda er sett til eitt spann (18 merker) smør. Garden er rekna jamgod med ein halv øydegard. Den munnlege tradisjonen på garden veit å fortelja at den fyrste mannen i Brørvik kom frå Larsastovo på Eide. Brita Matiasdtr. Brørvik f. 1795 d. 1876 fortalde dette. Dette høver svært godt i hop med opplysningar frå dei skriftlege kjeldene. I manntalet 1664 er det ikkje nemnt nokon brukar i Brørvik, men i manntalet 1666 er brukaren Olav Olsson med. Han er då 28 år gamal. Det er truleg den same Olav Olsson som er oppførd under Eide i manntalet 1664, 26 år gamal. Fleire tilhøve synest å tyda på at Brørvik er utskilt frå Eide. Båe gardane har same eigar i leiglendingstida på 1600- talet. Ved arveskifte sist på 1600-talet vart dei delte mellom to grupper av ervingar. Den eine gruppa skøytte nokså snart partane frå seg til brukarane. Ser ein på lægjet åt garden, synest det vera nokså klårt at det er den sørlegaste delen av gardsområdet åt Eide som her er utskilt til eigen gard.
Brørvik har i alle år berre vore eitt bruk. Same ætta har site på garden så lenge ein kjenner til. Den munnlege tradisjonen på garden synest å ha vore rik og pålitande. Det er frå, Brørvik vi har segna om han Endre i Vommene, som budde på andre sida av fjorden på 1600-talet. Meir om dette under Myster.
Husa på garden er no: Stovehus, bu, vedbu og løe med flor. I utmarka var der før ein vårflor på Bruabakken og seks utløer som stod på fylgjande stader: Rotaliæ, Skaret, Stordalen, Øvreliæ, Tonæ, Utlabakken. Utløer og vårflor er no for det meste dotne ned. Stovehuset er bygt i 1848 og ombygt 1914. Det vart vølt med nytt tak i 1962. Gamlestova før 1848 var røykstove. Ho vart flytt til Sagstad i Meland i 1874. (Magdeli Hansdtr. f. 1761 (sjå nedanfor) vart g. 1784 m. Knut M. Sagstad.) Før ca. 1920 var der og smie, stall og geithus på garden.
Om lægjet åt garden heiter det 1723: «ligger ved Søen 5 1/2 Mil fra Bergen, maadelig til Korn og tungvunden til Høe.» 1863: «Ved Søen og derfra 5 Miil til Bergen. Om Vinteren ligger Meniis omtrent 5 1/2 Mdr. Middels lettbrukt, men tungt fra Slaatterne.»
Jordsmonnet på innmarka er morenejord og noko leir og sand. Innmarka er på vel 50 mål. 1863 var her knapt 5 mål åker og dyrka eng. 2,6 mål var god, 1 mål middels og resten ring. Bøen var på 22,6 mål. 8 mål var god bø, 2,6 mål middels og 12 mål ring. Åkrane ligg nedanfor tunet. Storåkeren var størst av dei gamle åkrane. Han hadde ein krok som dei kalla «Klonæ». Ein lang smal åker heitte Strengen. På kvar si side av Grudalsbekken låg Øvstebalen og Nedstebalen. Attmed Øvstebalen var det ein åker som heitte «Krokjen». Andre åkrar var Største Brotåkeren, Minste Brotåkeren, Fetåkeren og i seinare år Naustbakkaåkeren. Dei hadde poteter i helvta av åkrane og korn i andre helvta og skifte annakvart år. Dei hadde og nokre serskilde potetgjerde og smååkrar som låg rundt i kring på bøen. To av dei låg på gamle smitufter og heitte difor Smigjerda. Eitt gjerde låg oppå Rinden, eit anna i kanten av Rinden. Der var i alt 7 slike små potetgjerde. Sume var ikkje større enn ei smietuft. Andre kunne vera som to smietufter. Potetgjerda vart hevda med smalamøk og geitamøk. Innmarka ligg lunt til og får mykje solvarme. «Detta æ ei god hola,» hermer dei etter Ingeborg Monsdtr. Vik, St. f. 1828 g.m. Matias Hansson Brørvik.
Utmarka har bra med skog. 1723 var her «Brendeveed og noget furre skoug til Huusfornødenhed». 1863 kunne dei selja ved og tømmer for årleg netto 14 spd. Bjørk og eik har dei og selt til trevyrke. Ein del eik gjekk til skipsbyggeri. Haldor K. Simenes var agent for skipsbyggeri og selde eik av eigen skog og. Beitet var 1863: «Beliggende et Stykke fra Gaarden of middels Beskaffenhed og tilstrækkelig.» Kyrne gjekk i heimehagen til jonsok. Når det var ruskever batt dei dei inn i vårfloren. Sidan var dei på fjellstølen til barsok og i heimehagen att til mikkelsmess. Då vart dei som regel sette inn. Attåt kyrne som høyrde garden til, var her hyrekyr. Hyrekyrne kom som regel frå Radøya. Same folka kom år etter år med kyrne sine på store båtar. Lars Mikkelson og Mikkel Larsson Morken hadde kyr her i over 30 år. Vilkåra var til å byrja med 1/3 av avdråtten til garden og 2/3 til eigaren. Eigarane kom der gjerne fleire gonger om sumaren og henta heim mjølk. Dei frå Morken hadde eit 40 liters anker som dei bar på ryggen i tog. 1723 var her ei flaumkvern. Kvernstøet er i Brørvikelva. Haust og vår var der rikeleg kvernvatn der. Der er ikkje kvernhus no.
Sætra heiter Brørvikstølen eller Tjødnarustæ. Setra ligg om lag 2 km frå tunet, 354 m.o.h.
Brukaren Hans som var brukar 1887-1915 hadde lakseplass der han fiska med kilenot. Han leigde og fiskerett hjå Hesjedal og hadde sitjenot der. I elva går det opp litt sjøaure. I fjorden har dei fiska til husbruk.
På 1800-talet budde her nokså mykje folk på garden. Mathias som var brukar frå 1854 hadde 11 born. Han fostra opp nokre slektningar og. Mora og ei gamal farsyster var kårkoner. Så hadde dei tenarar. Skogen gav den beste innkoma. Jordbruket var ikkje så viktig som skogen. Det var sag på garden til 1945. Frå om lag 1950 har her berre butt folk i sumarhalvåret. Den noverande eigaren bur på Vaksdal om vinteren. Garden vantar telefon og elektrisitet.