Dette står det om Eikefet i Vaksdal Bygdebok, bind III:
Ligg på austsida av Eksingedalen, om lag 1,7 km nord for Myster, knapt 2 km sør-sørvest for Eikemo. Tunet ligg ved ei elv som kjem frå 2 vatn ovanfor tunet. Gardsnamnet vart skrive Egefettie 1610, Egefit 1620 og 1667. Eggefit 1723, Eikefeten 1718 og 1802.
Dei som har gardsnamnet til familienamn, brukar no helst forma Eikefet. Bygdemålsuttalen er ei’kjefetæ..
Namnet er samansett av eit inkjekjønnsord eiki og hokjønnsordet fet. Den første lekkjen tyder ein stad som er tilvaksen med eik. Fet tyder slette, gjerne attmed eit vatn. I Hosanger har gardsnr. 46 same namnet. Denne garden har også ein grannegard lenger oppe i dalen som heiter Eikemo.
Eikefet grensar til Myster i Eide i vest, Langedal i nordvest, Eikemo i nord, Leiro i aust. Det har, såvidt ein kan sjå, ikkje vore tinglyst grensegangsforretning mot nokon av grannegardane.
Kva tid garden er rudd, er uvisst. 115 m nord for tunet på br. 4 Løland er det gjort eit funn som kan henda er ei grav. Før det vart utgrave, synte det seg som ei tuve av stein og grus, 3,5 m lang, 2 m breid. I søre enden stod det hyrnesteinar noko djupt, 1,5 m frå kvarandre. Nordre halvdelen vart utgraven 1955 av konservator Egil Bakka frå Bergens Museum. Han fann då ei nedskjering, 2 X 1 m, som låg 20-30 cm djupare enn grusoverflata ikring. Nedskjeringa var attfylt med grus og stein, og med eit steinlag over. Storparten av steinane stod på kant. Det vart ikkje gjort noko funn som kunne tena til tidfesting. Dei eldste skriftlege opplysningane om garden skriv seg frå byrjinga av 1600-talet og gjeld eigarar og brukarar.
Brukaren Olav er kalla øydejordsmann frå 1630-31. Garden må truleg reknast mellom dei som vart nedlagde etter svartedauden og opptekne att fyrst på 1600-talet. 1723 vert det i Eksaminasjonsprotokollen gjeve desse opplysningane: «10. Egefit. 1 Mand landskyld 1/2 løb Smør. Hr. Søren de Fine med bøxel tilhørende. Jngen Hussmands Pladser. Jntet Sætter, lit furreskoug og Brendeved til Huusfornødenhed. 1 flom-qværn. Ligger 1/4 Mil fra Søen, 5 1/4 Mil fra Bergen, Aarvandt til Korn og tungvunden. Saar havre 2 1/2 t. Afler 6 t. 7 Kiør, 2 Ungnød, 12 Smaler. Taxt efter gl. Matricul 1/2 løb S. lever allene af Qvægets avling.»
1863 rekna dei garden for å vera middels lett driven, men det var tungt heim frå slåttene. Gardsvegen var heller ikkje lett. «Omtr. 1/4 Miil ganske vanskelig Vei til Søen og derfra 5 Miil til Bergen. Menis omtr. 5 1/2 mndr.»
Garden har vore einbølt heilt til 1930-åra. Då vart det teke opp eit bureisingsbruk, Løland, om lag 1 km nord for det gamle tunet. Her var det ved midten av 1800-talet eit husmannsplass som vart kalla Fethagen. Lendet er her nokså flatt med sand og myrjord. (Sjå nedanfor under br. 4.)
I det gamle tunet ligg innhusa for seg sjølv oppe på ein pall, og uthusa ligg i bakken nedanfor. Det som no er eldhus på garden, skal vera den eldste stova. Det er eit timbra hus med sval i ramen. Den nyaste stova er vel 100 år gamal. Innåt denne står det ei eldre stove. Alle hus har torvtak, så nær som løa, som har Vosseskifer. På løa var det før tak av heimelaga spon. I tunet er sola borte 4 veker om vinteren. Når ho kjem att, kring 13. dag jol, skin ho inn gjennom vindauga i ramen på nystova. Den gamle brukaren, Olav Ingebrigtson f. 1866, var då van å ta litt smør på fingergomen og smyrja på den flekken på veggen der sola skein.
1863 var her 7,3 måi åker. 3 1/2 mål var god, 2 mål middels og resten var ring. Bøen var på 143 mål. Av det var 16 mål god bø, 12 mål middels og 115 mål ring. Om bøen er det elles gjort denne merknaden: «Omtrent Halvdelen af 3die Classe er yderlig ringt.» Garden var vanleg godt dyrka. Av dyrkingsjord meinte dei at der berre fanst 2-3 mål.
Av dei lunnende som ligg til garden, var det berre skogen som var nemnd 1661. «Ingen Lunder vden lidet Spere Schoug.» 1665 var der vedskog og noko tømmer til husbruk. Liknande opplysningar finn me 1723 (sjå, ovanfor). 1863 var der skog nok til ved, hustømmer og det dei trong til husbruk, og dei kunne dessutan selja tømmer og ved til 14 spd. netto årleg. Sag driven med vasskraft vart sett opp 1925.
Sætra ligg på fjellet nordvest frå garden, kring 2 timars gonge frå tunet. Sætra var i bruk til 1945. Når kyrne var på sætra, beitte dei delvis på Eikemo sin eigedom på fjellet. Til vederlag fekk Eikemo ha kalvehage og hamn for kyrne med same dei løyste om våren, på austsida av dalføret nedetter, delvis på Eikefet sitt gardsområde. Om beitet heiter det 1863: «Beliggende ved Gaarden af middels Beskaffenhed ogsaa Sæterhavn 1/4 Miil borte, begge omtrent tilstrækkelig.» Før hadde dei smalhus og lamhus i marka eit stykke frå tunet. Sauene beitte her om våren, og då hadde dei lamma inne i lamhuset, så dei fekk mjølka sauene. Smalhuset var kring 5 X 5 m, litt lenger den eine vegen enn den andre. Taket var laga på ein serskild måte. Det hadde fall til 4 sider, og gjekk i hop mest til ein topp på midten. Det var tekt med never og torv.
Kvernhuset stod i Kvernhusbekken, men no er berre kvernhusdøra att av det. På døra er årstalet 1750 skore inn, og dessutan eit pentagram.
Sjundagrend: Eikemo, Eikefet, Eide, Myster og Leiro.
Det vart oppsett ei stampe på garden kring 1935 (sjå br. 3).