
«Bød’n til venstre og Nordbø til høgre, ein mørk vinterdag.
Bruket ligg fint til nede på Mysterflatane på kanten av eit lågt drag, og vart det fyrste bruket som vart skild i frå hovudbruka på Myster (Om ein ser bort frå Leiro). Magne Olavson Myster på bruk 1 og 2 gav fyrst Tunet i gåva til Magne Magneson Kallestad som var gift med eine systra hans; Inga Olavsdotter Myster. Sidan fekk Magne og Inga si dotter Brita Magnesdotter Myster og mannen hennar Bernt Berntsen kjøpa noko jord attåt Tunet. Huset vert berre nytta som sommarhus i dag, (2015) medan løa er vedskjul og lager. Der har nok vore både sau og høner, og kan henda ei ku? Enkelte år dyrka dei lin nede på Bødn og bakkane lyste blått av alle blomane.
Tidlegare gjekk vegen frå bygdavegen over Mysterflatane gjennom tunet på Tunet og til nabogarden Nordbø og vidare opp dei bratte Heimstebrekkena til Nordheim,- eller Storemyren som det heitte før det vart skild ut som eige bruk i 1914. Då vegen vart bygd står det i dei gamle gardspapira at den skulle ta til ved Tresløa som då må ha lege på enden av Rudkallen. Men løa finst det ikkje noko spor etter, lenger.