
Oversiktsbilete av Myster teke frå Vetlahusfjellet i 2013 Opheim nærast, Borteluten øvst og Oppeluten midt på biletet. Nereluten eller Rinden ligg vestanfor (til høgre) av biletkanten.
Husa på Oppeluten ligg att der det gamle klyngetunet på Myster låg. Her har det budd folk samanhengande sidan før svartedauden. Truleg så lenge det har budd folk i området. Her låg nok den beste jorda, tunet ligg høgt og fritt med utsyn over det meste av garden. Det har ikkje vore alt for langt til sjøen og vatn fann dei i bekken i Tjellddalen rett nordom tunet. Der finn dei framleis vatnet sitt, men litt meir lettvint no etter at dei bygde pumpehuset. Av dei gamle husa er det berre floren som står att. Delar av den er svært gamal og det seiest at det er nytta materialar frå den gamle stavkyrkja som sto på Stamnes. Det nyaste huset på garden er bygt nett der det lange Nerehuset sto heilt framme på bråtet. Askjell Johannesson Myster fekk reist ny driftsbygning inne på leitet ved Setleet der gangvegen vidare opp til Leiro tek til. Vegen innover Storåkrane til Setleet går midt etter grensa mellom bruk 1 og 2 og 25. Det vart tvist om denne strekninga og kvar gjerdet skulle stå etter at merkesteinane vart nedkøyrde ein vinter, men dette vart løyst ved at vegen for framtida skulle høyra til Oppeluten , gjerdet skulle setjast på Opheim sin eigedom som på si side fekk full bruksrett i vegen, medan vedlikehaldet skulle falla på bruk 1 og 2.
Før utskiftinga hadde dei frukthage i Eikjemoteigane…eller i Eikjemoskog som det vart kalla. Her vaks det epler og pærer heilt til granskogen slukte fruktrea ein gong tidleg på 90-talet. Sidan det heiter Eikjemoteigane i fleirtal må fleire av bruka hatt eiga her. Eller kan henda dei på Eikjemoe på ein eller annan måte har fått nytta dette stykket? Storstien heitte i alle fall vegen om Eikjemoskog og opp over Rossemyra der ein hadde hestebeite og vidare ned, over Nordheim, Urabotn og inn til Eikefet og Eikemo. Like ved Storstien i Eikjemoskog, ved bekken, ligg restane etter ein mur. Her hadde dei røvagard før krigen. Det var nok for å få passeleg avstand til tunet at den vart lagt her. Lukta vart nemleg nokså ram. Eikjemoteigane ligg solvendt og forholdsvist lunt til. Einaste aberet er den lumske austavinden som kan herja voldsomt på Myster. Det seiest at for å sikra seg mot vinden heime i tunet vart det spent eit langt tau mellom hus og løe dei kunne halda seg fast til på veg til og frå fjøsstellet. Etter siste utskiftinga på byrjinga av 70-talet ligg all marka til Oppeluten i eit samanhengande stykke, så nær som teigen i Brekkena under Nordheim, ein del av Holmen ved Skarvhølen, og ein skogateig frå Mysterstølen og oppover Langestadlane i Steinsedalen i grensa mot Leiro.

Nytt hus på Oppeluten under bygging. Biletet er lånt via Asbjørn Ekse
Askjell bygde seg nytt hus omtrent der det opprinnelege stovehuset til bruk 1 og 2 sto. Det vart seld, teke ned og reist oppatt på Bakkaluten på Lavik der det enno står. Det nye huset vart to-delt og huset bygde Askjell opp saman med bror sin, Magnus. Askjell fekk også dyrka opp myra innom Setleet og eit lite stykke i Furebrekka, under Fårehammaren på 80-talet. Etter krigen har det vore sau som har vore hovudnæringa på garden ved sida av anna arbeid. Yngste son til Askjell og Ingrid, han Johan, har gjeve garden vidare til yngste dottera Caroline.
Litt aust for tunet, på haugen mot Bortane sine hus sto den gamle smia. Det var eit lite hus i flott tømmer. Denne vart seld og oppattsett som hytte ein stad på Osterøya. Elles høyrde det minst to utløer til garden. Ei oppe i Slottebotn og ei i Løypesbrekka. Den i løypesbrekka er det framleis i skrivande stund framleis restar av tømmer, medan det av løa i Slottebotn berre er murane att.
Den gamle nausttufta ser ein restar av nede på Stellet tett atmed fylkesvegen. Dei laut riva naustet då brua over Storelva vart bygd i 1938. Før den ofselege flaumen i 1743 var elva djupare og alle bruka hadde nausta sine i ei vik lenger opp i elva, ved Munkabotnen.
Stampe hadde ein i vetleelva oppom Kyrbrekken, sams Kvernhus på holmen oppom Hundahølen. Her hadde ein også felles slipestein. Hundahølen og Smikkedalshølen er dessutan fine badeplassar og flittig nytta når sola varmar. Både stampa og kvernhuset syner det murar etter den dag i dag.
Fast mjølkestad for dyra så lenge dei gjekk på heimabeite var på Stølen, der Haugatun no ligg.